• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4346625
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 04.02.2022
Ledig stilling

Ål Kommune

Tilkallingsvikar i helse og omsorgsektoren

Offentlige tjenester og forvaltning

Har du ledig kapasitet og ynskjer du å jobbe i helse og omsorgssektoren i Ål kommune? 

Vi har stadig behov for personar som ta på seg ekstravakter, og vi er interessert i kontakt med personar som kan tenkje seg å arbeide som vikar etter tilkalling, eller som vikar i feriar.

Det er fordel med utdanning eller arbeidserfaring innen helse- og omsorgtenestene, men det er ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du må vere sjølvstendig, like kontakt med menneske, og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, - både skriftleg og munnleg.  

Dersom du ynskjer å bli registrert som tilkallingsvikar i helse- og omsorgsektoren i Ål, kan du vise interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe i ei konkret avdeling ber vi deg oppgi dette i søknaden.

Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:

Avtale som tilkallingsvikar inneber at vi tar kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilte høve. Vi gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gir rett på vikaroppdrag. 

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse- og omsorgstenesten vise fram godkjent politiattest som er nyare enn 3 månader ved tilsetting. 

Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ei stilling som er av interesse, må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga sjølv om du tidligare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad om tilkallingsvikar.

Send søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". 

Vitnemål og attestar bør lastast inn elektronisk. Dokumentasjonen er ein svært viktig del av søkjargrunnlaget og tilsettingsprosessen, men er også avgjerande dokumentasjon for fastsetjing av løn.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt.

Kontaktpersonar ved dei ulike avdelingane:

  • Ål legekontor og Hallingdal legevakt: Anne Ingeborg Hefte
  • Avdeling Tunet: Marit Øen Li
  • Avdeling Stugu: Tone Fossgård Berg
  • Avdeling Heimetenesta: Marie Louise Skråmestø
  • Avdeling Miljøterapitenesta: Marianne Tretterud Skarpås
  • Avdeling Meistring: Live Magnetun
  • Familiens hus (frå 01.03.2022) Ingeborg Frydenlund 

     

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4346625
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 04.02.2022