• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3986987
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Tilkallingsvikar i helse og omsorgsektoren

Ål Kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Har du ledig kapasitet og ynskjer du å jobbe i helse og omsorgssektoren i Ål kommune? 

Me har stadig behov for personar som kan stille på kort varsel og er interessert i kontakt med personar som kan tenkje seg å arbeide som vikar etter tilkalling eller som vikar i feriar.

Det er fordel utdanning eller arbeidserfaring innen helse og omsorg, men ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt. Du må være sjølvstendig, like kontakt med mennesker og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.  

Dersom du ynskjer å bli registrert som tilkallingsvikar i helse og omsorgsektoren  i Ål, kan du vise interesse ved å søkje på denne stillinga.

Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:

Avtale som tilkallingsvikar inneberer at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilte høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag. 

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting, 

Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidligare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad om tilkallingsvikar.

Send søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". 

Vitnemål og attestar bør lastast inn elektronisk. Dokumentasjonen er ein svært viktig del av søkjargrunnlaget og tilsettingsprosessen, men er også avgjerande dokumentasjon for fastsetjing av løn.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

 
  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3986987
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune