• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5165238
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Tilkallingsvikar - heimetenesta - Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tilkallingsvikar - Heimetenesta Øygarden kommune

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Har du lyst på nye utfordringar og ein variert og spanande arbeidskvardag?

Er du sjukepleiarstudent, under helsefagleg utdanning eller har arbeidserfaring innanfor helsesektoren?

Har du erfaring med reinhald?

Vi treng fleire dyktige tilkallingsvikarar både i heimesjukepleien og i heimehjelpa til å jobbe dagtid, kveldstid og i helg.

Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og som har fokus på høg kvalitet for brukarane våre. Vi forventar at du har eit godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Om oss:

Heimetenesta er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner – sonene har base på Straume, Rong og Skogsvåg. I heimetenesta gjer me helsehjelp (heimesjukepleie) og hjelp til praktisk bistand (heimehjelp) til heimebuande.

 

Som tilkallingsvikar vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Arbeidsoppgåver:

  • Opptre med respekt og likeverd til innbyggjarane
  • Utføre tildelte arbeidsoppgåver, t.d stell og pleie, tilsyn, tilrettelegging av måltid, prosedyrar etter profesjon/opplæring
  • Utføre heimehjelpsoppgåver
  • Samarbeid med pårørande
  • Dokumentasjon i fagjournal

Kvalifikasjonar:

  • For arbeid innan heimesjukepleie er det ønskeleg med helsefagleg utdanning, påbegynt helsefagleg utdanning eller erfaring innan helsesektoren.
  • For arbeid innan heimehjelpa er det ønskeleg med erfaring innan reinhald

Felles for stillingane:

  • Erfaring med arbeid frå heimetenesta er ein fordel
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
  • Sjølvstendig, stabil og punktleg
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Krav om framlegg av politiattest

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der vi kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift.

Kontakt:

Einingsleiar Kate S Løland  950 71 121, Sone Sør

Einingsleiar Brit Larsson 996 42 253, Sone Straume

Einingsleiar Marianne V. Berland 901 59 103, Sone Nord

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5165238
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.04.2023