Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3218521
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Tilkallingsvikar barnehager

Kommunale barnehager i Øygarden kommune søkjar tilkallingsvikarar

Arbeidsoppgåver:

  • Omsorg og leik med barna
  • Følge barnehagen sine rutinar og rammeplan

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer tilkallingsvikarar med pedagogisk utdanning og med fagbrev som barne og ungdomsarbeidar
  • Du må ha interesse for pedagogisk arbeid med barn

Ønskjeleg med:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ufaglærte vil og bli vurdert
  • Barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå barnehage eller tilsvarande arbeid 

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer deg som er løysningsfokusert, omsorgsfull og initiativrik
  • Du er ein trygg vaksen som likar å jobbe med barn
  • Du er pålitelig, ansvarsbevisst og har godt humør
  • Du er omgjengeleg og ein god kollega

Anna:

  • Må kunne stille på kort varsel ved fråvær og ekstraordinære behov
  • Det er krav om norskkunnskap jamføre barnehagelova § 18 a
  • Det er krav om gyldig politiattest

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.