Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4787890Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 11.01.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Tilkallingsvikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar til tilkallingsvikarar ved helsetunet/heimetenesta i Balestrand, Leikanger sjukeheim og heimeteneste, Prestahagen i Sogndal, og på Sogndal helse og omsorgssenter 2. og 3. etasje. Ledig frå d.d
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Oppfølging av ernæring
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
- Må vere over 18 år
- For stilling i heimetenesta: førarkort
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillingane er :
Balestrand:
Eli Sleire, avdelingsleiar Balestrand helsetun, 90296294, eli.sleire@sogndal.kommune.no
Marte Gåsland, avdelingsleiar heimetenesta Balestrand, 91375068, marte.gasland@sogndal.kommune.no
Leikanger:
Anne Brennset Gjerland, avdelingsleiar heimetenesta Leikanger, 91812767, anne.brennset.gjerland@sogndal.kommune.no
Tone Bjåen, avdelingsleiar Leikanger sjukeheim, 90726370, tone.bjaen@sogndal.kommune.no
Sogndal:
Tine Tande Seldal, avdelingsleiar Prestahagen, 94161212, tine.tande.seldal@sogndal.kommune.no
Anja Leirdal, avdelingsleiar 2. etasje SHOS, 40407889, anja.leirdal@sogndal.kommune.no
Solrun Njøs Amundsen, rådgjevar pleie og omsorg, 91164291, solrun.njos.amundsen@sogndal.kommune.no
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.06.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4787890Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 11.01.2023