• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966145
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Tenesteleiar vedtakskontoret

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune er i positiv utvikling og står overfor spennande tider med vekst, modernisering og etablering av ny kommune. Vi har no ei ny og spanande leiarstilling i vedtakskontoret i helse og omsorg.

Kontoret har ansvar for sakshandsaming og tildeling av pleie- og omsorgstenester, samt omsorgsbustadar i Sogndal kommune. Vedtakskontoret har tildelingsansvar for heimebaserte tenester, tilrettelagde bustadar, plassar i institusjon og dagsenter og har eit kompetansemiljø for tenestetildeling og tenesteutvikling. Eininga har i dag 5 årsverk. Du vil møte både leiarar og tilsette som stiller krav til kvalitet, engasjement og innsats, men som også legg vekt på å inkludere og ivareta kvarandre.

Avdelingsleiar er tillagt det overordna faglege, økonomiske og administrative ansvaret for eininga og skal bidra til kvalitetssikring av tenester i ein kommune på omlag 12 000 innbyggjarar.

Leiar for kontoret rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og inngår i kommunalsjefen si leiargruppe.

 

Kvalifikasjonar: 

· Relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå

· Ynskje om formell leiarutdanning

· Ynskje om kunnskap til relevant lovverk og erfaring frå sakshandsaming

· Erfaring med samarbeid og kommunikasjon med ulike miljø og faggrupper

 

Personlege eigenskapar:

· Du er ein tydeleg leiar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

· Du er utviklingsorientert og kan leie gjennom andre

· Du er løysingsorientert og evner å gjennomføre i praksis

· Du er strukturert, systematisk og har evne til tenke heilskapleg

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr:

· Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Lønn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2021
  • Sted:
    Sogndal
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Sogndal
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3966145
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune