• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875146
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Tenesteleiar i Habiliteringstenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Habiliteringstenester i Alver kommune er på jakt etter ny tenesteleiar. Habiliteringstenester ligg under sektor helse og omsorg som er organisert med kommunalsjef og 6 tenesteområder. Dette er tenesteområde for sjukeheim, heimeteneste, lege-og rehabiliteringsteneste, psykisk helse og rus, NAV samt habilitering. I tillegg har ein etablert felles Forvaltningskontor og Fagutvikling stab/støtte

Om Habiliteringstenester

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenester vert gjeve i den einskilde sin heim, i bufellesskap/omsorgsbustad pluss for utviklingshemma, avlastnings for born og unge, arbeids - og aktiviseringstilbod, individuelle tenester i team, brukarstyrt personleg assistanse, individuell plan, koordinator og støttekontaktenesta.

Det er 10 avdelingar i tenesteområdet habilitering med om lag 280 tilsette. Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg og er med i kommunalsjefen si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg og strategisk ansvar (resultat, personal og økonomi) for tenesteområdet Habilitering.
  • Næraste leiar for avdelingsleiarane i tenesteområdet.
  • Følgje opp avdelingane gjennom etablert kvalitetssystem, leiaravtale og dialog
  • Delta i politiske og administrative prosessar, samt følgje opp politiske vedtak
  • Planleggje, styre og gjennomføre utviklings-og omstillingsprosessar i samband med leiarar og rådgivarar i stab/støtte.
  • Initiere og delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsprosjekt
  • Samarbeide med andre tenesteområder, forvaltningskontor og sektorar.
  • Sikre system og strukturar i samsvar med krav til internkontroll
  • Fagleg ansvar for kapittel 9

Kompetansekrav

  • Relevant høgskoleutdanning på minimum bachelornivå. Som relevant utdanning reknast føretrinnsvis helse- og/eller sosialfaglig utdanning.
  • Leiarerfaring frå helse- og sosialsektoren
  • Gode samarbeids-og formidlingseigenskapar
  • Resultatorientert med god økonomiforståing
  • God kjennskap til offentleg forvaltning, lov-og avtaleverk
  • God munnelg og skriftleg framstillingsevne

Det er eit føremon om du har leiarutdanning.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein motivert leiar som har heilskapleg orientering, god rolleforståing og som er handlekraftig. Du er påliteleg, fleksibel og likar å arbeide i team kombinert med høg grad av sjølvstendig arbeid. Du har gode kommunikasjonsevner og stor arbeidskapasitet.

Vi søkjer ein tydeleg og løysingsorientert leiar som fremjar utvikling, motivasjon, engasjement og samhandling både innafor eige tenesteområde og på tvers av tenesteområda. Du er ein leiar som gjennom dine leiar-og relasjonelle eigenskapar bidrar til tillit både internt og eksternt. Du vil jobba for å løfte fram Habiliteringstenesta og har eit brennande engasjement for tenestemottakarane.

Vi tilbyr

  • Interessante og spanande arbeidsoppgåver med utvikling av tenestene
  • Del av eit tverrfagleg og dyktig leiarteam
  • Personleg løn etter avtale
  • God pensjonsordning

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4875146
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune