• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4708892
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 26.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Tenesteleiar Eigedomsforvaltning

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Stillinga som tenesteleiar for eigdomsforvaltninga i Alver er ledig.

 

Om arbeidsplassen:

Eigedomsforvaltning er eitt av tre tenesteområde ved sektor Teknisk forvaltning og drift, der tenesteleiar har kommunalsjefen som næraste leiar. Tenesteleiar har ansvaret for forvaltning og investering / utvikling av alle kommunale bygg og anlegg; veg/samferdsel, vatn, avløp, formålsbygg (skular, administrasjonsbygg, sjukeheimar m.v.), idrettsanlegg, bustader. Til saman 25 tilsette, medrekna 3 avdelingsleiarar.

Dei andre to tenesteområda er ved Teknisk forvaltning og drift er Drift & vedlikehald (operative avdelingar) og Arealforvaltning (plan, byggesak, geodata, landbruk, miljø). I tillegg har vi ei felles stabsavdeling.

 

Arbeidsoppgåver:

Tenesteleiar har heilskapleg fag-, økonomi- og personalansvar, innafor tildelte rammer. Avdelingsleiarane har det daglege ansvaret og den praktiske oppfølginga. Tenesteleiar koordinerer arbeidet i avdelingane og mellom avdelingane, tenesteområda i sektoren og andre sektorar.

Typiske oppgåver er m.a.

  • kvalitetssikring og kontroll
  • fagleg rettleiing
  • delta i og vere ansvarleg for ulike prosjekt (både organisasjon og investering)
  • presentasjonar i politiske fora
  • møte med interne og eksterne partar
  • sikre framdrift i oppgåver og prosjekt
  • prioritere tilgjengelege ressursar
  • skrive saksutgreiingar
  • utvikle organisasjonskultur, arbeidsmiljø og samarbeidsklima
  • utvikle faglege løysingar og standardar

 

Kompetansekrav:

Master innan planfag, ingeniørfag, geografiske samfunnsfag eller tilsvarande

 

Ønskt kompetanse:

Vi søkjer deg som har

  • leiarerfaring, gjerne innan offentleg sektor
  • erfaring frå eigedomsforvaltning og -utvikling
  • erfaring frå investeringsprosjekt

Vi ønskjer at du er handlekraftig og strukturert. Det er viktig at du legg vekt på kvalitet, og at du likar å samhandle med medarbeidarar, eksterne partar og konsulentar, innbyggjarar og politikarar. Du har innbyggjarperspektivet og ønskjer å vere med på vidare innovasjon og utvikling.

 Løn etter avtale

 

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4708892
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 26.07.2022