Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Tenestekoordinator 100 % heimetenestene

Offentlig forvaltning

Er du ein framtidsretta, omstillingsdyktig sjukepleiar med eit ønskje om å bidra til å forme framtidas heimeteneste? Då ønskjer Vestnes kommune deg som tenestekoordinator i Heimetenestene!

Heimetenestene er plassert i Helsehuset Stella Maris som ligger i sentrum av Vestnes kommune. Heimetenestene består av heimesjukepleie, omsorgsbustad, dagsenter, støttekontaktar og praktisk bistand. Det er einingsleiar som har ansvar for dagleg drift med bistand av to avdelingsleiarar.
Hovudfokuset til Heimetenestene er at alle som mottar tenester frå oss skal få rett teneste til rett tid. Gode heilskaplege tenester skal vere med å trygge dei som mottar tenestene slik at dei kan bu heime så lenge det er eit ønskje frå dei og helsemessig forsvarleg. For å kunne gi slike tenester må vi vere med på den utviklinga som skjer i elles samfunnet når det kommer til det teknologiske, men vi må også tørre å tenke nytt når det er snakk om leiing, bruk av kompetanse, oppgåvedeling m.m.

Stilling
100% fast stilling som tenestekoordinator i heimetenestene.

Arbeidstid
Dagtid, men ein må berekne noko helgearbeid i løpet av eit år.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein bidragsytar for einingsleiar i planlegging og gjennomføring av dagleg drift. Dette vil mellom annet vere å lede rapportar, bidra med sjukepleiekompetanse i pasientvurderingar, koordinere pasientoppfølging, lage- og ajourføre arbeidslistar mv.
  • Vere ein pådrivar for at tenestekvaliteten er høg. Der fokuset på at tenestene er fagleg forsvarleg og pasienttryggleik er to fundamentale arbeidsområde som til ein ver tid skal følgje gjeldande styringsdokument
  • Samhandling internt og eksternt, blant annet opp mot tildeling og koordinering, sjukehus og legesenter
  • Bidra til god informasjonsflyt og dialog med pasientar og pårørande
  • Vere med å oppretthalde eit godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og med eksterne aktørar
  • Bidra til at tilsette får den opplæringa de skal ha når det komer til lokale prosedyrar, internundervisning og legemiddeldelegasjonar
  • Sikre at studentar i praksis og lærlingar blir mottatt på ein god måte og at opplæringa rundt dei er godt organisert
  • Vere ein bidragsytar for bruk av velferdsteknologi som ein del av tenesteytinga
  • Sikre god pasientflyt ved og bidra til å oppretthalde og utvikle kvalitetssystem
  • Meiransvar for medisinrommet

Tenestene innan helse og omsorg er under kontinuerleg utvikling, og en må derfor regne med endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • God kjennskap til- og erfaring frå arbeid i heimetenestene
  • God digital forståing og vere i stand til å sette seg inn i nye system
  • God kjennskap til Vestnes kommune sin geografi
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha god relasjons- og kommunikasjonskompetanse.
  • Det er ønskeleg med kunnskap om relevant lov og avtaleverk.

Personlege eigenskapar:

  • Tek initiativ og er strukturert, engasjert og sjølvstendig
  • Har endringsvilje, er løysningsorientert og kreativ
  • Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
  • Har evne til å bygge relasjonar, motivere, skape involvering og medverknad

Vi søker deg som har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre heimetenestene. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  •  Moglegheiter for å påverke framtidenes helse og omsorgstenester
  •  Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  •  Lønn etter avtale
  •  Dagstilling med fleksitidsordning
  •  Tettsamarbeid med einingsleiar og avdelingsleiarane
  •  Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  •  Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærveærsarbeid 

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.