• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    12.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole, Fagbrev, Høyskoleutdanning
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6517613
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Driftsleiar VA

Tekniske tenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvam herad søkjer ein engasjert driftsleiar for VA som vil vere med og vidareutvikle ein av våre mest samfunnskritiske tenester – produksjon av trygt drikkevatn til heile Kvam

Avdelinga innan vatn og avløp har 6 dyktige driftsoperatørar og har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale VA-anlegg i Kvam og deler av Samnanger (Kvamskogen). Produksjon av drikkevatn skjer i Ålvik, Skålheim, Kvamskogen, Strandebarm og Mundheim. Tilsvarande er det mange mindre anlegg for mottak av avløpsvatn i heile kommunen. I tillegg har kommunen eit nytt og moderne avløpsrenseanlegg i Øystese som reinsar vatn frå Kvamskogen, Øystese og Norheimsund.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leia drift og vedlikehald av kommunale anlegg innan vassproduksjon og avløpsrensing
  • Vidareutvikla avdelinga i tråd med ny teknologi, kunnskap og arbeidsmetodar
  • Planlegga mindre utbetringar på anlegg eller ledningsnett
  • Bidra og sikra eit godt samarbeid med overordna mynde som Statsforvaltaren og Mattilsynet
  • Delta i rullerande vaktordning
  • Kontakt mot abonnentar, myndigheiter og eksterne entreprenørar/leverandørar

Kvalifikasjonar

Me ser gjerne at du har noko erfaring frå eller kjennskap til:

  • Anleggs- eller vassbransjen, tilsvarande stilling eller andre leiaroppgåver
  • Arbeid med risikoanalysar, beredskapsplanar, kvalitetssystem og strategiar innan bransjen
  • HMS innan VA
  • Høgskuleutdanning eller fagskule/fagbrev innan eitt eller fleire tekniske fag t.d. kjemi/prosess, røyrlegging, automasjon eller maskin 
  • Førarkort, minimum kl. B, men ynskjeleg også med tyngre køyretøy/tilhengar

Personlege eigenskapar

Som leiar i Kvam herad ventar kommunen at du er profesjonell, innovativ lagspelar.

Ut over det som ligg i desse forventingane, ynskjer me at du er: 

  • Interessert i fagfeltet 
  • Konstruktiv og gjev tydeleg retning
  • Resultatorientert – effektiv, pliktoppfyllande og lojal mot vedtak
  • Endringsvillig, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag
  • Ein leiar med gode evner til å motivera, inspirera og engasjera andre      

Me tilbyr

  • Svært varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Nye drifts-system som kan utviklast vidare
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
  • Eit godt kollegialt arbeidsmiljø

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    12.02.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole, Fagbrev, Høyskoleutdanning
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6517613
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad