Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
29.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5914253Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Teknisk sjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra kommune har ei spennande og variert leiarstilling ledig. Som teknisk sjef vil du ha ei viktig rolle i utviklinga av kommunen og lokalsamfunnet. Du vil leie teknisk eining som består av totalt 33 tilsette. Teknisk sjef rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling. Aukra kommune er i ei særstilling økonomisk sett, og samfunnsutvikling er høgt prioritert i kommunen. Kommunen har mellom anna nyleg vedtatt ein ambisiøs bustadpolitisk plan samt klima- og miljøplan. Fleire planoppgåver og investeringar innan bygg – og anlegg ligg føre. Som teknisk sjef vil du vere ein viktig pådrivar i det vidare arbeidet med å sette dette ut i livet.
Hovudoppgåver
Teknisk sjef har fagleg og administrativt ansvar for mange område:
- Arealplan og byggesaker
- Bygg og eigedomsforvaltning, vedlikehald og reinhald
- Prosjektansvar for bygge- og anleggsprosjekt
- Kart og oppmåling
- VAR (vatn, avløp, renovasjon) og kommunale vegar
- Følgje opp kommunen sine klima- og miljømål
- Saksutgreiingar innanfor einingas ansvarsområder
- Økonomi-, fag- og personalansvar
- Systematisk arbeid med utvikling og omstilling for å nå overordna målsettingar
- Kontaktperson for kommunale samarbeid (brann, landbruk, renovasjon)
- Deltaking i kriseleiinga
Kva vi ser etter hos deg som søkar
Høgare utdanning innanfor eit relevant fag. Vi er opne for søkarar med mange ulike fagfelt. Kanskje er du ingeniør, økonom eller jurist. Leiarerfaring vil vere ein klar fordel.
For oss er det viktig at du er ein inkluderande og utviklingsorientert leiar. Som leiar er du tydeleg og samarbeidsorientert, med evne til å inspirere og stille krav til dei tilsette.
Du må ha evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt i kommunen og mellom kommunen og næringslivet/innbyggarane. Du ser viktigheita av vidareutvikling av tenestene, er strukturert og opptatt av å levere på frist.
Du har god forståing for økonomistyring. Din kunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy er god, og du kan nytte nynorsk.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande oppgåver i eit miljø med kompetente medarbeidarar i eit godt fagmiljø. Gode arbeidsvilkår og moglegheiter for kompetanseutvikling og leiarutvikling.
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Søknadsfrist: 29. oktober
Kontakt: Kommunalsjef for samfunnsutvikling Geir Göncz, tlf 979 87 909
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
29.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5914253Se her for andre jobber fra Aukra kommune
-
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Miljøterapeut 100 % vikariat - psykisk helse og rus
Aukra kommune
AUKRA -
Miljøterapeut 100 % fast - Psykisk helse og rus
Aukra kommune
AUKRA -
Pedagogisk leiar - Torpo Barnehage
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Smia/Fløyen/Omsorg 2
Askvoll kommune
ASKVOLL