Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
06.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5913096Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 14.10.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Aukra kommune
Miljøterapeut 100 % fast - Psykisk helse og rus
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Liker du å vere aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje; Ledig fast stilling som miljøterapeut innan psykisk helse- og rustenesta i Aukra!
Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Den som vert tilsett skal ha tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak ha ansvar for lavterskeltilbod og bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Stillinga inneber tett samhandling med andre tenester. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men ein må pårekna noko arbeid utanfor kjernetid ved behov. Næraste leiar er einingsleiar.
Om eininga/avdelinga
Stillinga er organisert i tenester for psykisk helse og rus som høyrer til under Tenester for heimebuande. Eininga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, psykisk helse og rus og dagsenter for eldre. Tenesta psykisk helse og rus driv lavterskeltilbod, førebyggande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging. Tenesta har fire tilsette. Dei bistår ungdom og vaksne med ulike utfordringar.
Om du har høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag, og har lyst å bidra til utvikling av tenestetilbodet i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du arbeider sjølvstendig, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne.
Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;
3-årig helse-/sosialfagleg utdanning frå høgskole evt. helsefag med solid erfaring frå feltet
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne
Personelg eignaheit vert vektlagt
Kompetanseheving
Tilgang på e-læringskurs
Vi tilbyr
- En spennende arbeidsplass med utfordrende oppgåver
- Utdanningsstønad til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør i Kompetanseplan
- Tilbod om deltaking på kurs
- Løn etter avtale/etter gjeldande tariffavtale
- Flyttegodtgjersle
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Send søknad!
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling". Vi gler oss til å sjå din søknad!
Rekrutteringsfilm frå Aukra kommune:
https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
06.11.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5913096Se her for andre jobber fra Aukra kommune
- Oppdatert 14.10.2024