• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    29.09.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5855884
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Teknisk inspektør

Ferger

Er du klar for å bidra til utforminga av framtidas grøne ferjenæring?

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har vi dei siste åra teke ein leiande posisjon i vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og med ei av verdas mest teknisk avanserte fartøysporteføljer er vårt mål klart: Vi skal vi vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport!

No søkjar vi etter ein dedikert teknisk inspektør til vår driftsavdeling i Bergen. 

I denne rolla vil du få ansvaret for ei definert fartøyportofølje, og du vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre at våre fartøy alltid er i topp teknisk stand. Saman med teamet ditt vil du planlegge og sikre gjennomføring av vedlikehald og sikre at vi driv sikkert og har føreseieleg drift. 

Kva kan du forvente deg?

  • Ein plass i eit kompetent og engasjert team på omkring 12 erfarne kollega.
  • Ei rolle i eit dynamisk nettverk med andre tekniske inspektørar og vår tekniske driftstøtteteam.
  • Moglegheit til å dele erfaringar og kunnskap på tvers av regionar og dermed bidra til å styrke heile vår organisasjon.

Kva vil dine oppgåver være?

  • Være det viktige bindeleddet mellom landorganisasjonen og fartøya.
  • Bistå fartøya med tekniske utfordringar og sikre at dei er teknisk operative.
  • Saman med fartøya styre budsjett, planlegge og gjennomføre verkstadopphald.

For å lykkast i rolla bør du ha:

  • Solid teknisk kompetanse og evne til å løyse komplekse utfordringar. 
  • Høg gjennomføringsevne og evne til å arbeide sjølvstendig. 
  • Ei relasjonell tilnærming og evne til å skape gode relasjonar til dine kollega.

Er du rett person for denne spennande stillinga? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvalifikasjoner:

  • Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretning
  • Kjennskap til skip/maritim drift
  • Kjennskap til skipselektro
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy

Personlige egenskaper:

  • Strukturert og systematisk arbeidsform
  • Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
  • Sjølvstendig og beslutningsdyktig
  • Gode samhandlings og kommunikasjonsferdigheiter

Vi tilbyr:

  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Gode velferdsordningar
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    29.09.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5855884
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA