Company
Fjord1 ASAApplication deadline
01.12.2019Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Samferdsel og infrastrukturEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6900, FLORØ
KINN
Number of positions
1Career-kode
2254063Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 26.11.2019
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjord1 ASA
Teknisk inspektør
Samferdsel og infrastruktur
Har du lyst til å vere med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa?
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei sista åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og jobbar dagleg med nybygg i verdsklasse. Vi byggjer over eit trettitals nye el-ferjer, som alle er topp moderne med den fremste teknologien i verda. Vi skal vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og er stadig på jakt etter ny kompetanse.
No har vi ledig stilling som Teknisk inspektør i vår driftsorganisasjon i Florø og vil ha deg med på laget!
Som teknisk inspektør vil du få ansvar for ei fartøyportefølje beståande både av moderne el-ferjer, tradisjonelle diselferjer, og dei etter kvart velkjende turistfartøya Vision of the Fjords og Future of the Fjords. Dette inneber mellom anna at du vert ansvarleg for fartøya sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.
- Teknisk oppfølging av fartøy
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
- Oppfølging av budsjett/økonomi
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
- Stillinga innebærer ein del reising
- Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretning
- Kjennskap til skip/maritim drift
- Kjennskap til skipselektro
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Sjølvstendig, beslutningsdyktig og god til å samarbeide
- Gode evner til samhandling og kommunikasjon
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode velferdsordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
01.12.2019Form of employment
workTime.HeltidIndustry
Samferdsel og infrastrukturEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6900, FLORØ
KINN
Number of positions
1Career-kode
2254063Look here for other jobs from Fjord1 ASA
- Updated 26.11.2019