• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    16.10.2019
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6415, MOLDE
    MOLDE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2177739
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 15.10.2019
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjord1 ASA

Teknisk inspektør

Ferger

Fjord1 er inne i ei spennande tid med høg nybygg-aktivitet, og ombygging av eksisterande fartøy, og vi har no ledig engasjement som teknisk inspektør i regon 1.

Som teknisk inspektør i region 1 vil du få ansvar for ei fartøyportefølje på Sunnmøre. Dette inneber mellom anna at du vert ansvarleg for fartøya sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative.
Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar, verkstadopphald og eventuelle ombyggingar ligg også til teknisk inspektør si rolle.

Vi ser etter deg som er engasjert og strukturert. Du likar eit høgt tempo i kvardagen, og du kvir deg ikkje for litt reising.

Oppstart snarleg etter avtale, med varigheit ut 2020. Kontorstad vil vera i Molde.

Arbeidsoppgåver
  • Teknisk oppfølging av fartøy
  • Planlegging og koordinering av verkstadopphald
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
  • Oppfølging av budsjett/økonomi
  • Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning, t.d maskinist/nautikar
  • Kjennskap til skip/maritim drift
  • Kjennskap til skipselektro
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
  • Strukturert og systematisk arbeidsform
  • Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
  • Sjølvstendig, beslutningsdyktig og god til å samarbeide
  • Utadvent med gode kontaktskapande evner
Vi tilbyr
  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Gode velferdsordningar
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    16.10.2019
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6415, MOLDE
    MOLDE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2177739
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
  • Uppdaterad 15.10.2019