Ledigt jobb

Framtidsfylket AS

Trainee som VVS-ingeniør – Din karriere startar her!

Tecno VVS søker trainee: ingeniør

Rørlegger

  • Er du nyutdanna innan VVS-faget? Som trainee i Tecno VVS får du sjansen til å verta ein del av ei bransje i rask utvikling – full av smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg både energieffektive og gode å bu i. Her startar din veg mot å verta ein spesialist innan VVS-faget, i eit miljø der læring, humor og samarbeid står i sentrum.

 

Ein allsidig og spanande kvardag

Som trainee hjå oss, vil du få prøve deg innanfor fleire område av VVS-faget. Det tydar at du får jobbe med alt frå:

  • Tilbodsbefaringar og prosjektering av tekniske system, der du finn dei beste løysingane for kvar kunde.
  • Koordinering og prosjektleiing – du får jobbe tett saman med, og lære av dyktige fagfolk, inkludert automasjonsavdelinga, røyrleggjarar og ventilasjonsmontørar.
  • Miljø og berekraft, med fokus på energileiing og grønne løysingar.
  • Rådgjeving og teknologi, der du nyttar topp moderne verktøy som BIM for å visualisere prosjekta dine.
  • Oppfylgjing på byggjeplass der du får sjå og kjenne på anlegga etter dei er bygd
  • Her får du sjå dine eigne idear verta sett ut i livet, frå teiknebrettet til ferdige installasjonar.

Lær av dei beste

Hjå Tecno VVS jobbar du tett med kollegaer som har brei erfaring frå ulike delar av bransjen. Til dømes:

Tor – Ein erfaren sivilingeniør innan el-kraft og teknisk sjef sidan 2013.

Bjørge – Bachelor i maskinteknikk og mangeårig spesialist innan prosjektering og utvikling.

Jan Eirik – har ein master i integrert bygningsteknologi og bachelor i energiteknologi. Ein ekte problemløysar med auge for smarte løysingar!

Andreas – Ung og engasjert energientusiast med spisskompetanse innan bærekraftige bygg.

Desse (og mange fleire) gler seg til å dele kunnskap og gode historier i kaffipausen.

Korleis er det å jobbe hjå oss?

Arbeidsmiljøet vårt er fagleg sterkt, sosialt og ikkje minst inkluderande. Her er det låg terskel for å dele idear, og alle får høve til å vekse i jobben sin.

Som ingeniør består arbeidskvardagen mest av kontorarbeid, med planlegging, og prosjektering innan VVS faget. Men i motsetning til mange andre kontorjobbar, kjem ein seg fysisk ut på prosjekta, og ser kva ein skal jobbe med.

Arbeidsdagen kan ofte vere variert og krevjande, med mange oppgåver som skal handsamast. Ein kan starte dagen med arbeid på ei hyttetomt og avslutte med eit større prosjekt, som eit hotell, eit VA-anlegg eller ei energiberekning.

Med gode og støttande kollegaer med mykje god(?) humor, får du eit arbeidsmiljø som ikkje berre er lærerikt men òg trygt.

Me ser etter deg som:

  • Har eit ynskje om å lære og utvikle deg innan VVS-faget.
  • Er nysgjerrig på teknologi og berekraftige løysingar.
  • Taklar ein hektisk kvardag
  • Set pris på eit godt samarbeid – både på kontoret og ute på prosjekta.

Me gjev deg:

  • Eit unikt innblikk i VVS-bransjen, frå prosjektering til ferdigstilling.
  • Fagleg støtte frå dyktige kollegaer innan automasjon, blikkenslagarfaget og mykje meir.
  • Ei bratt læringskurve som kan skyte fart på karrieren din.
  • Eit trygt og hyggjeleg arbeidsmiljø der du får vere deg sjølv.

Vil du arbeide med smarte, bærekraftige løysingar som gjer bygg energieffektive og gode å bu i? Send oss ein søknad!

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gjev ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning

Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium

Krav til norskkunnskap: B1

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.