• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3889501
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Teamleiar for Rask psykisk helsehjelp

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune er i ferd med å etablere Rask psykisk helsehjelp (RPH). Til dette viktige arbeidet treng vi ein dyktig teamleiar til å leie teamet og implementere tilbodet i kommunen.

 

RPH er eit kommunalt lavterskel tilbod til personar over 16 år med mild til moderat depresjon, angst, begynnande rusproblem og søvnvanskar. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg. Ein treng ikkje henvising frå lege. Teamet skal kunne tilby kurs, veileda sjølvhjelp og individuelle samtalar, avhengig av brukar sitt behov og ynskje. Teamet skal bestå av 3 medarbeidarar med helse- eller sosialfagleg utdanning. RPH-teamet vil samarbeide tett med andre tenester i psykisk helse og rus. Etablering av RPH-teamet er i eit tett samarbeid med høgskulen (HVL), Fylkeskommunen og studentsamskipnaden.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

· Vere med på å utvikle og bidra til god implementering av RPH i kommunen

· Du må ta vidareutdanning i kognitiv terapi for Rask psykisk helsehjelp (obligatorisk)

· Klinisk arbeid, inkludert kartlegging, vurdering og behandling gjennom trappetrinnsmodell, internettbasert behandling, gruppetilbod og enkelttimar

· Organisere kvardagen i teamet

· Etablere og arbeide for eit tett samarbeid med andre tenester og samarbeidspartar

 

Kvalifikasjonar:

· Minimum bachelor innan helse/sosialfag

· Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus

· Vidareutdanning innan psykisk helse er eit føremon

· Vidareutdanning innan kognitiv terapi er eit føremon

· Førarkort klasse B

· Gode norsk kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

· Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig

· Evne til å tenke nytt og sjå nye løysingar

· Eit ynskje om å jobbe i team og dele kompetanse

· God til å bygge og vedlikehalde relasjonar

· Er fleksibel og reflektert og kan takle uforutsette situasjonar

· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd

 

Vi tilbyr:

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling

· Moglegheit får å bygge opp ei ny teneste

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar

· Eit godt arbeidsmiljø

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Lønn etter tariffavtale

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3889501
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.05.2021