Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

Teamleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Går du med ei leiarspire i magen?

Øysteseheimen langtidsavdeling tilbyr ei spennande stilling som teamleiar. Øysteseheimen ligg sentralt i Øystese og har 28 pasientrom fordelt på tre etasjar.

Her vert du ein del av eit leiarteam som består av tre teamleiarar og leiar for Øysteseheimen.

Me er ei framtidsretta avdeling i stadig utvikling. Me er ein del av:

  • Bemanningsprosjektet i Kvam herad
  • Matvertprosjekt i Kvam herad
  • TØRN - tenestestyrt bemanning - saman med fleire andre kommunar

Er du sjukepleiar eller vernepleiar, som synes leiing er viktig og ynskjer å bidra i dette arbeidet? Då er kanskje dette jobben for deg!

Arbeidsoppgåver

  • Bindeledd mellom leiar på Øysteseheimen og tilsette i avdelinga
  • Fast kontordag i turnus
  • Ansvar for opplæring for nytilsette i avdelinga i samarbeid med leiar
  • Saman med leiar bidra til å styrke samarbeid og arbeidsmiljø
  • Oppfyljing av lærlingar og studentar
  • Stedfortredar for leiar ved feriar og fråvær
  • Ansvar for daglege rutinar i din etasje: fagleg oppfyljing av pasientar, fagutvikling for tilsette, leiarstøtte til leiar og teamleiarkollegaer, samt sjukepleiaroppgåver på huset.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan opplæring og undervisning er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg, minimum nivå B2
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden

Personlege eigenskapar

Me søker deg som:

  • Har evne til å motivere, rettleia og engasjera
  • Er samlande og trygg
  • Har gode og kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Jobbar strukturert og tar ansvar for tildelte oppgåver
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg til å skapa eit godt og lærerikt arbeidsmiljø og ein positiv kultur
  • Jobbar godt både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Ei spennande og lærerik avdeling med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
  • Samarbeid med gruppeansvarleg på andre avdelingar
  • Dersom du ynskjer å ta ei vidareutdanning innan leiing, legg me til rette for det.
  • Stillinga er for tida knytt til turnusarbeid med arbeid dag og kveld, samt helgearbeid. Fleirtalet av vaktene dine i vekedagane vil vera dagtid.
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du eit rekutteringstillegg på 25.000,-
  • Løn etter avtale. Tillegg som teamleiar
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar