Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Teamkoordinatorar

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingsstype

Eining for aktivisering og meistring søker etter 4 x 100 % teamkoordinatorar

Bu-og habiliteringstenestene i Vestnes kommune er ei av landets største vertskommunar etter gjennomføring av HVPU reforma. Ut i frå samfunnsmessige endringar og kommuna sine behov har ein gjennomført eit organisasjonsprosjekt som har resultert i ei ny eining.  Den nye eininga heiter Eining for aktivisering og meistring og skal legge til rette for enkeltindivid i døgndrift, avlastning, barnebustad og ambulante tenester. Eininga vil yte tenester til m.a personar med psykisk utviklingshemming, psykisk helse og rus, autismespekterforstyrringar.

Einingsleiar har overordna ansvar for budsjett, fag og personal. I einingsleiar si leiargruppe inngår 4 avdelingsleiarar, 4 teamkoordinatorar og 1 sekretær.

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide turnus  
  • Koordinere kvardagen i bueinigane  
  • Dagleg ansvar for vikarinnleie, timelister, oversikt over avspasering – og ferie 
  • Arbeide i tett samarbeid med avdelingsleiar  
  • Andre oppgåver etter delegering fra avdelingsleiar / einingsleiar 
  • Vikar for avdelingsleiar ved behov  

Kvalifikasjonar: 

  • Vi ser etter deg som er helsefagarbeidar eller miljøterapeut
  • Du har kunnskap om psykisk utviklingshemming, psykisk helse og / eller rusmiddelavhengigheit  
  • Turnuskompetanse  
  • Gjerne kjennskap til Visma Flyt Ressursstyring 
  • Du har ein stor arbeidskapasitet og bør trivast i ein hektisk kvardag 
  • Du bør òg kunne beherske IT - verktøy på ein god måte  
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

Personlege eigenskapar:

  • Ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Det vert vektlagt at ein er personleg eigna
  • Ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Spanande faglege utfordringar
  • Lønn i høve gjeldande avtaleverk
  • Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
  • Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale.

Tilsettingsvilkår
Lønns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.