• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4914902
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.12.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Team læringsmiljø barnehage, skule og SFO – 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Alver kommune har ledig ein 100 % stilling innafor oppvekstsektoren, med hovudfokus på å arbeide for trygge og  gode læringsmiljø i barnehage, skule og SFO.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er nyoppretta, og skal bidra til å byggje kompetanse i arbeidet med leik- og læringsmiljø i barnehage, skule og SFO.  Som tilsett i teamet får du bidra til å støtte avdelingane i det førebyggjande arbeidet, men også delta i konkrete saker. Vi vektlegg bruk av forskingsbasert kunnskap i dette arbeid.

Kommunen har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå målsetjinga: «Innbyggjarane i Alver har god livskvalitet, trygge oppvekstvilkår og god helse».

Ved å etablere eit team for leike- og læringsmiljø ønskjer vi å oppnå:

  • Å byggje kompetanse i arbeidet med læringsmiljø i barnehage, skule og SFO
  • Å støtte barnehagar, skular og SFO i det førebyggjande arbeidet
  • Å bidra til at konkrete saker blir løyst så tidleg som mogleg

Som tilsett i team læringsmiljø skal du samarbeide med ulike avdelingar i kommunen, og det vil bli lagt vekt på tverrfagleg samarbeid til det beste for barn og unge. Kommunen skal vidareføre satsinga på inkluderande miljø i barnehage, skule og SFO, og team læringsmiljø får ei sentral rolle i dette arbeidet.

Kompetanse

- relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå knytt til skulefagleg kompetanse

- relevant erfaring frå tilsvarande stillingar

- rettleiingskompetanse

Ønskt kompetanse

Du er ein god rettleiar og motivator i eit tverrfagleg samarbeid. Du har evne til å sjå den einskilde og på same tid leggje til rette for kompetanseutvikling og læring for større grupper. Du har kompetanse for organisasjonsutvikling og eit profesjonelt blikk for at utfordringar ofte kan løysast kontekstuelt.

Vidare vektlegg vi at du:

- har erfaring med førebyggjande arbeid barn og unge

- har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter samt kan stå i ei sak over tid

- har ønskje om å bidra til utvikling, kompetanse og læring

- er trygg i rolla som rettleiar

- både kan arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

- lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

- godt arbeidsmiljø og eit aktivt miljø der du kan vere med å utvikle kommunen sine tenester

- engasjerte og dyktige medarbeidarar

Politiattest

 Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4914902
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.12.2022