• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5219359
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Systemansvarleg EPJ - Rådgjevar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Øygarden kommune søkjer etter ein rådgjevar som kan spele ei viktig rolle i kommunens vidare satsing på eHelse, samt fylle rolla som systemansvarleg for vårt EPJ system.

For tida nyttar kommunen CosDoc som system.

Rådgjevar får ei sentral rolle i dagleg drift og utvikling av ulike system i tråd med lokale og nasjonale føringar. Rådgjevaren vil og vere kommunens representant i aktuelle samarbeidsfora i regionen.

Arbeidsoppgåver:

  • Systemansvar, brukarstøtte og dagleg drift av EPJ-system og tilhøyrande system
  • Sikre smartare bruk av EPJ gjennom rutineutvikling, fagleg støtte og opplæring av superbrukarar i tenestene
  • Pådrivar for utvikling av EPJ knytt til nasjonale standardar og felles utvikling
  • Rådgjeving og prosjektarbeid innan eHelse-utvikling, lokalt og regionalt
  • Risiko- og sårbarheits arbeid

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagleg kompetanse på høgskulenivå, gjerne med relevant mastergrad. Relevant erfaring og bakgrunn kan kompensere for dette
  • Høg IKT- og systemkompetanse
  • Test og testleiing er viktig kompetanse og erfaring
  • Kunnskap og erfaring knytt til systemansvar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med erfaring knytt til drift av EPJ system
  • Kunnskap om sentrale føringar innan eHelse
  • Erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid knytt til IKT

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og nøyaktig
  • Samarbeidsevne – du gjer dine kollegaer gode
  • Høg arbeidskapasitet
  • Gjennomføringsevne
  • Evne til å lytte og gi tilbakemeldingar, samtidig som du er tydeleg på egne vurderingar
  • Dokumentasjon og oppfølging av det som vert avtalt
  • Nytenkjande og framtidsretta

Anna:

  • Ynskjeleg med førarkort klasse B

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

  • Jørgen Kausland, Stabsleiar IKT og dokumentsenter – 90968686
  • Line Barmen, Kommunalsjef Helse og velferd - 99377018

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5219359
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 03.06.2023