• Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3971493
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 09.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hå kommune

Sykepleier

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Innafor tenesteområdet helse og sosial, i nattpatruljen, er følgjande stilling ledig for sjukepleiar:

  • 61,2% stilling med arbeid kvar tredje helg eller 50,7 % med arbeid kvar fjerde helg.

Stillinga er eit vikariat i perioden 1.9.21 – 1.9.22, med moglegheit for forlenging og fast tilsetjing i Hå kommune.
Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.

Kvalifikasjoner
Me søker deg som:

  • er utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • har førerkort klasse B
  • har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
  • kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
  • er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
  • har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
  • liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det

Me tilbyr:

  • Ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Lønn over minste-tariff
  • Variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
  • Arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg

Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte fung.leder Terese Håland 415 32 789.

OBS: Vi vil aldri be om BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Dersom du får forespørsel om dette så ber vi om at du tar kontakt med oss på personalsakspost@ha.kommune.no

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månedar må leverast før start i stilling.

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månedar og reglar for flyttegodtgjersle.

 

  • Bedrift
    Hå kommune
  • Søknadsfrist
    06.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3971493
  • Se her for andre jobber fra Hå kommune
  • Oppdatert 09.07.2021