• Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Produksjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Önskat språk
    Norsk, Engelsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antal befattningar
    6
  • Karriere-kod
    6125784
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard
Ledigt jobb

Tersan Havyard

Klar for nye utfordringar? Bli vår nye supervisor!

Supervisor

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar maritime konstruksjonar frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har gode fasilitetar for å utføre eit godt og effektivt arbeid, og har over 100 års erfaring med skipsbygging.

I Tersan Havyard har vi gode kunderelasjonar med fleire store norske og utanlandske kundar.

Vi har fleire spennande prosjekt på gang, og ordreboka fyllast meir og meir opp. Derfor er vi på jakt etter nye kollegaer til verftet her i Leirvik.

Kom bli med å skap framtidas skip!

Tersan Havyard er ein leiande aktør innan skipsbygging og maritim industri, og me søker no etter dyktige og erfarne supervisors til produksjonen. Du vil ha ansvar for å leie og koordinere arbeid, og sikre at prosjekt vert gjennomført i tråd med våre høge kvalitetsstandardar.

 

Me søker etter:

  • Supervisor Røyr
  • Supervisor Plate og Sveis
  • Supervisor Maskin
  • Supervisor Elektro

Det er ynskjeleg med erfaring innan maritime, fornybar, olje og gass eller byggebransjen.


Arbeidsoppgåver:

  • Leie og motivere arbeidslag 
  • Ansvarleg for at jobbane blir fullført innan avtalt tidsramme og budsjett
  • Framdriftsrapportering
  • Sikre kvalitet og god HMS.
  • Samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre ei effektiv prosjektgjennomføring.

Kvalifikasjonar:

  • Ynskjeleg med fagbrev i Sveis/Plate, Industrirøyrleggarfaget, Industrimekanikarfaget, Elektrikarfaget, El-montør
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
  • Gode datakunnskapar, fordel med erfaring frå timeregistreringssystem, planleggingsverktøy og teikningssystem
  • Du må være ein lagspelar, samarbeide godt med andre og evne å ta sjølvstendige beslutningar


Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.

Stillinga rapporterer til Teamleiarane for dei ulike produksjonsdisiplinane i Tersan Havyard.

Søknadar vert gjennomgått fortløpande.


For meir informasjon om stillinga ta kontakt med

VPP: Anette Traa 994 05 359

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Marita Lavik på marita.lavik@tersanhavyard.no 

 

  • Företag
    Tersan Havyard
  • Ansökningstiden
    Så snart som möjligt
  • Arbetsfunktion
    Produksjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utbildningskrav
    Ønskelig
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Önskat språk
    Norsk, Engelsk
  • Adress
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Antal befattningar
    6
  • Karriere-kod
    6125784
  • Se här för andra jobb från Tersan Havyard