• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191109
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 16.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sunnfjordskulen har ledige stillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune har 14 skular med ca. 3 000 elevar, og no treng vi nye tilsette.

Du vert ein del av eit fellesskap som arbeider saman for å skape den gode skulen. 
Skulane i Sunnfjord kommune har gode faglege resultat og arbeider systematisk med inkluderande skulemiljø.

Du finn informasjon om og link til dei ulike skulane sine heimesider på www.sunnfjord.kommune.no

Vi har ledige stillingar i Sunnfjordskulen frå august 2023


Skulane våre har ledige stillingar frå skuleåret 2023/ 2024. 

Skulane søker etter barne- og ungdomsarbeidarar, assistentar, vernepleiar og andre med relevante fagutdanningar.
Du kan gå inn på kvar skule nedanfor og sjå kva dei søker etter.

På skular med SFO eller SFO spesial, gjeld dei utlyste stillingane både skule og SFO om det ikkje står anna er spesifisert.

Halbrend skule
  •  inntil 2 x 70 % årsvikariat i perioden 01.08.2023 - 31.07.2024

Vi søker barne- og ungdomsarbeidar med erfaring med barn og unge med store hjelpebehov.

Stillinga følgjer skuleåret.

Flatene skule:
  • inntil 200 % fast stilling i skule og SFO

  • inntil 100 % fast stilling som baseleiar SFO

Kompetansekrav til stillingane er barne- og ungdomsarbeid eller anna relevant utdanning.

Baseleiar er ei leiarstilling, og den som skal gå inn i stillinga vil ha ansvar for det administrative arbeidet, og vere administrativ leiar for dei tilsette på SFO- basen, I tillegg vil stillinga innebere arbeid som assistent i skulen.
For stillinga som baseleiar er leiarerfaring ønskjeleg. 

Stillingane vil i utgangspunktet ikkje følgje skuleåret, men har ordinært arbeidsår. 

Førde ungdomsskule: 
  • inntil 70 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar

  • inntil 70 % fast stilling for vernepleiar

Andre med relevant utdanning eller erfaring kan søke på stillingane. Dei som ikkje fyllar kompetansekrava vert tilsett i mellombelse stillingar.

Stillingane følgjer skuleåret. 

Naustdal skule:
  • inntil 35 % årsvikariat 

  • inntil 80 % årsvikariat

Kompetansekrav til stillingane er barne- og ungdomsarbeidar, vernepleiar, barnehagelærar, barnevernpedagog eller anna relevant utdanning. Det er ønskeleg med kompetanse i å arbeide med barn med faglege- og sosiale utfordringar.

Sande skule:
  • inntil 70 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar

Kompetansekrav til stillinga: barne- og ungdomsarbeidar. 
Helsefagarbeidarar og andre med interesse for faget kan også søke. 

Stillinga følgjer skuleåret.

Skei skule: 
  • inntil 80 % årsvikariat for barne- og ungdomsarbeidar

Stillinga følger skuleåret.

Delar av stillinga kan bli fast, avhengig av tildelte ressursar.

Slåtten skule:
  • inntil 2 stillingar på ca. 40 % med arbeid kvar dag på SFO

  • inntil 2 årsvikariat på ca. 35 % med arbeid kvar dag på SFO

  • inntil 25 % med arbeidstid tre dagar i veka på SFO

Kompetansekrav til stillingane er barne- og ungdomsarbeidar/ assistentar.

Sunde skule:
  • inntil 70 % årsvikariat for vernepleiar

Arbeidsoppgåver er sjølvstendig arbeid med elevar som har behov for alternativ opplæring.  Stillinga inneber også leksehjelp og kan bli utvida med arbeid i SFO.

Du bør ha erfaring frå arbeid med barn med store hjelpebehov i skule.

  • 2 stillingar på 35% - 45 % for barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på SFO. 

Arbeidstida er fordelt over 5 ettermiddagar. Du må kunne jobbe mellom kl. 07.00 og kl. 16.30.

Alle vikariata gjeld for perioden 01.08.2023 - 31.07.2024.

Alle stillingane følger skuleåret. 

Vassenden skule:
  • inntil 100 % vikariat for barne- og ungdomsarbeidar eller assistent i perioden 01.08.2023 - 31.07.2024. Stillinga har en kombinasjon mellom skule og SFO.

  • 3 vikariat på SFO på morgon og / ettermiddagar på inntil 34%, 16 % og 14 %

Den som vert tilsett vil og få tilbod om å vere ringevikar gjennom skuleåret. 

Kompetansekrav: barne- og ungdomsarbeidar eller assistent.

Vevring skule: 
  • Inntil 27 % stilling, i hovudsak på SFO.

Kompetansekrav til stillinga er barne- og ungdomsarbeidar eller assistent.
Stillinga kan verte fast stilling. 

Hovuddelen av stillinga følger ikkje skuleåret. 

 Generelt til alle stillingane: 

  • Fleire av stillingane inneber oppfølging av elevar med spesielle behov, som t.d. sosial trening, åtferdsstøtte og stimulering til læring.
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for barnegrupper, ute og inne. 
  • Fleire av stillingane har arbeidstid både i skule og SFO.
  • Det kan bli aktuelt å jobbe i delar av skulen sine feriar.
  • Vi oppmodar menn til å søke på grunn av balanse i kjønnsfordeling og garderobesituasjonar i kroppsøving og symjing.
  • Stillingar som følger skuleåret får eit trekk på 11 % på lønsutbetalinga for å få løn i skulefrie periodar og dagar.
Krav til søkar:
  • utdanning - sjå utlysing på den enkelte skule
  • anna utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert
  • gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg

Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stilling.

Dersom det ikkje er søkarar som stettar utdanningskrav til stillinga, kan andre verte tilsett i mellombelse stillingar.

Du bør vere:
  • god på relasjonsbygging
  • like å arbeide med barn, legge til rette for inkludering og læring i skule og SFO
  • god allmennkunnskap og erfaring frå arbeid med ulike elevar/elevgrupper med spesielle behov
  • arbeide sjølvstendig og systematisk og ha gode samarbeidsevner
  • fleksibel og engasjert
  • vere ein tydeleg og trygg vaksen med god relasjonskompetanse
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
  • arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
  • godt fagleg og sosialt miljø
  • tilsetting etter gjeldande tariffavtale. Kompetansetillegg kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP

Det kan verte fleire stillingar, og på fleire skular enn dei som står ovanfor. 
Om ikkje den skulen du ønsker å jobbe på står nedanfor, så kan du sende inn søknad og skrive den skulen du ønsker å jobbe i søknadsskjema. 

Utlysinga gjeld også stillingar som måtte kome til.

Det kan verte endringar på dei utlyste stillingane på grunn av interne overføringar og stillingsendringar. 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    28.05.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191109
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 16.05.2023