Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
14.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3889553Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 28.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hå kommune
Styrar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Styrar i Vigre natur- og friluftsbarnehage skal over til ein anna barnehage i kommunen og me søker etter hennar etterfølgjar. Vigre natur- og friluftsbarnehage har fem avdelingar, og i underkant av 20 tilsette. Barnehagen held til på Vigre, 4 km frå Nærbø sentrum. Den ligg i flotte omgjevnader med skog, mark, sjø og strand like i nærleiken. Barnehagen brukar nærområdet aktivt. Leik og lyst langs Jærens kyst, er eit slagord for barnehagen.
Vigre natur- og friluftsbarnehage har eit stabilt personale med god fagleg kompetanse. Barnehagen har autoritative tilsette som er opptatt av vennskap mellom barn, kreativ leik og gode naturopplevingar. Det siste året har har barnehagen og vore med på den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, og som er ein sentral del av arbeidet i Vigre natur- og friluftsbarnehage. Visjonen til barnehagen er: Saman i undring, leik og meistring.
Som styrar vil du leie arbeidet med å utvikle Vigre natur- og friluftsbarnehage og delta i kommunen sitt utviklingsarbeid. Du blir ein del av ei engasjert, kompetent og utviklingsretta styrargruppe.
Stillinga er ledig frå 1.august 2021.
Me ønskjer ein leiar som
o har stø kurs og er utviklingsorientert
o kan leie medarbeidarar
o er innstilt på samarbeid
o har evne til å arbeide sjølvstendig
o har gjennomføringsevne
o bidreg til at barnehagen er ein lærande organisasjon
o trivst saman med barn og føresette
o er fleksibel og har godt humør
o bidreg i styrarkollegiet
Kvalifikasjonar
o godkjent pedagogisk utdanning
o erfaring frå barnehage
o leiar- og/eller anna relevant etterutdanning
o ønskjeleg med leiarerfaring
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din.
Politiattest
Gyldig politiattest nyere enn tre måneder må leveres før tiltredelse.
Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysningen, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordninger med ulykkesforsikring i fritiden. Kommunen har prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjørelse.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
14.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3889553Se her for andre jobber fra Hå kommune
- Oppdatert 28.05.2021