• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    29.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5478272
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 27.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Støttepersonell/tilkallingsvikarar ved Gol legekontor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol legekontor har 7 fastlegehjemler og 4,5 årsverk faste sykepleiarar/helsesekretærar. Vi søker etter ein positiv og utadvendt tilkallingsvikar som har pasienten i fokus og som bidrar i eit triveleg arbeidsmiljø. Legekontoret er godt utstyrt med blant anna spirometri, 24 timars BT, EKG, røntgenapparat og lab.

Som tilkallingsvikar må du vere fleksibel og ha høve til å stille opp på kort varsel. Du vil få ein tilkallingsvikaravtale og vert ringt opp ved behov. Aktuelle søkjarar vil verte kontakta fortløpande.

Det vil vere aktuelt med både arbeid i legekontoret sin opningstid og på legevakter på kveldstid og helger.

Arbeidsoppgåver:
• Pasientadministrasjon i resepsjon, på telefon, digitale plattformer og fagsystem.
• Bestille pasienttransport og tolketjenestar
• Laboratoriearbeid og prøvetaking
• Sårbehandling og sårskift.
• Pasienthåndtering og assistering av legene i enkelte prosedyrer.

Kvalifikasjonar:
• Autorisert sjukepleiar, ambulansearbeidar, helsefagarbeidar ev. sjukepleiarstudentar
• Beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
• Erfaring frå legesenter eller likande er ønskeleg
• Kunnskap og erfaring med journalsystemet Pridok vil vere ein fordel
• Erfaring med ProACT og transjering av pasientar.
• Ein fordel om søker har gjennomført «Akuttmedisinsk kurs» for legevakt.

Vi ønsker deg som:
• Har gode samarbeidsevner og serviceinnstilt
• Har evna til å arbeide strukturert og målretta også i hektiske situasjoner.
• Har evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
• Bidrar positivt til et arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.

Vi tilbyr:
• Eit godt og triveleg fagmiljø
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Opplæring i journalsystem og arbeidsoppgaver.

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut ifrå innleverte attestar
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.

Kontaktperson:
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar Helseavdelinga Agnes S.A. Bossum tlf. 95281130 agnes.serine.bossum@gol.kommune.no eller,
avdelingssykepleiar Maya Kittelsen Mostue Grey tlf. 94027773.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    29.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5478272
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 27.02.2024