Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
30.04.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6544564Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Støttekontakt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søker støttekontaktar til personar i alderen 6-90 år.
Ein støttekontakt er ein person som over tid, gjennom samvær og ulike fritidsaktivitetar gir assistanse, støtte og oppfølging på fritida til enkeltpersonar.
Dei som treng støttekontakt er like forskjellige som alle andre. Dei kan til dømes ha ei funksjonshemming, lærevanskar, ein sjukdom eller andre utfordringar, og har eit ønske og behov for bistand for å oppnå ei meiningsfull fritid. Kva som opplevast som ei meiningsfull fritid er individuelt, men sosialt samvær er ein fellesnemnar.
Støttekontaktar tilbyr blant anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Tenesta skal hjelpe til med å bryte isolasjon, utvide sosiale nettverk og utvikle sosiale ferdigheiter. Innhaldet i tenesta tilpassast ønsker, behov og forutsetningane til tenestemottakarane og utførast i tett dialog mellom brukar og støttekontakt. Arbeidstida avtalast av begge partar i oppdraget.
Per i dag treng vi fleire støttekontaktar til barn og vaksne. Det er flest ledige oppdrag på øya. Vi søker deg som likar å vere saman med andre menneske og har evne til å ta initiativ til aktivitetar.
Ta gjerne kontakt med saksbehandlar Tone Vebenstad på tlf 469 12 665 for ein uforpliktande prat.
Krav til søkar
- Det blir ikkje stilt noko særskilde krav til fagutdanning, men det leggast stor vekt på om du er personleg eigna til oppdraga.
- Du har fylt 18 år
- Politiattest må visast fram før tildelt oppdrag kan starte.
Personlege eigenskapar
- Er ansvarsfull og pliktoppfyllande
- Påliteleg og trygg på deg sjølv
- Du er fleksibel og løysningsorientert
- Evne til å vere til stades, lytte, skape tillit og samarbeid
- Punktleg og ha stabilt oppmøte
- Du likar å jobbe med menneske
Kva tilbyr vi
- Timeløn 204 kr/time
- Køyregodtgjersle inntil 100 km per mnd
- Utgiftsdekning 35 kr per time (i inntil 10 timar per døgn)
Informasjon om stillinga
For å skape stabilitet for brukaren er det ønskeleg at du forpliktar deg til oppdraget over ei lengre periode, minimum eit år.
Spesifiser i søknaden korleis arbeidserfaring og fritidsinteresser du har, samt kva brukarar du helst vil jobbe med, for eksempel psykisk utviklingshemma, barn/ungdom, funksjonshemma, menneske frå andre kulturar, eldre.
Søknadane vil bli vurdert fortløpande.
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
30.04.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6544564Se her for andre jobber fra Aukra kommune