• Company
    Ulvik kommune
  • Application deadline
    01.03.2020
  • Position function
    Undervisning
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    Norsk
  • Address
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norway
  • Other workplaces
    Ulvik
  • Number of positions
    4
  • Career-kode
    2754113
  • Look here for other jobs from Ulvik kommune
  • Updated 17.02.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ulvik kommune

STILLINGAR BRAKANES SKULE

Offentlige tjenester og forvaltning

LEDIGE STILLINGAR VED BRAKANES SKULE:

200 % FAST STILLING SOM LÆRAR

100 % VIKARIAT SOM LÆRAR, for skuleåret 2020-2021

100 % FAST STILLING SOM MILJØTERAPEUT, med atterhald

Hei!

Me som er elevar på Brakanes barne- og ungdomsskule i Ulvik er så heldige at me har mange greie og flinke lærarar på skulen. Frå og med 1. august 2020 har skulen bruk for endå fleire dyktige lærarar, samt ein miljøterapeut. Rektor har sagt at me kan ha bruk for inntil 3 lærarar i 100 % stilling, der to av stillingane er faste. Ho seier at skulen ynskjer fagkompetanse innan matematikk, norsk, engelsk, kroppsøving og kunst- og handverk. Det er ein fordel om du har god digital kompetanse. Kanskje vert du den nye kontaktlæraren til nokon av oss?

Når det gjeld stillinga som miljøterapeut, ynskjer rektor seg ein barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar, eller ein med anna relevant høgskuleutdanning. Arbeidsoppgåvene vil variera, men innebera tett oppfølging av enkeltelevar og grupper av elevar. Erfaring frå arbeid med born og unge er veldig viktig.

Den eine faste lærarstillinga er tiltenkt rolla som leiar i skulen sitt ressursteam, med koordineringsansvar for både tilpassa opplæring og spesialundervisninga ved skulen. Det er eit krav at vedkomande har god kompetanse innan feltet, både teoretisk og praktisk.

Me elevar håpar at du som søkjer jobb hjå oss, kan godt det du skal læra vekk, er pedagogisk og inkluderande – at du ser oss.

Det som er så kjekt med skulen vår, er at me er så liten at lærarane og elevane får eit godt samhald, og du vert godt kjend med elevane. Elevane på skulen er dessutan greie og morosame å vera med.

Me har 30 minutt fysisk aktivitet midt på dagen, og trivselsleiarane har aktivitetar to dagar i veka for mellomtrinnet og to dagar for ungdomstrinnet. I vinter hadde me ein kjekk TL-konkurranse der mange elevar (og lærarar) deltok. Men neste gong får ikkje lærarane lov til å juksa så mykje!

Ulvik har mykje å by på, særleg dersom du er interessert i friluftsliv og vakker natur. Me har badeplass og idrettsbane i Holmen, lysløype, ny idrettshall og snart ny ballbinge. I tillegg kan du gå på Osafjellet, langs Sider-ruta, eller du kan leiga ein kajakk. Me har Haugesenteret, kino, kafear og festivalar, til dømes Hardagersus og Poesifestivalen.

Noko som er nydeleg ved Ulvik, er sommaren. Då merkar ein verkeleg kvifor Ulvik er perla i Hardanger.

Me håpar at du vil søkja jobb på skulen vår. Det kan verta fleire ledige stillingar i løpet av våren, og denne annonsa vil gjelda for desse stillingane òg. Hugs at søknadsfristen er 1. mars!

Søknad kan fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no eller du kan senda den til postmottak@ulvik.kommune.no. Du kan òg senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillinga kan rettast til den greie rektoren vår, Rigmor Hanssen. Telefonnummeret er 400 07 153, og e-postadressa er rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no

 

  • Company
    Ulvik kommune
  • Application deadline
    01.03.2020
  • Position function
    Undervisning
  • Form of employment
    workTime.Heltid
  • Industry
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Desired language
    Norsk
  • Address
    5730, ULVIK
    ULVIK
    Norway
  • Other workplaces
    Ulvik
  • Number of positions
    4
  • Career-kode
    2754113
  • Look here for other jobs from Ulvik kommune
  • Updated 17.02.2020