• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5193692
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Startlåns-rådgjevar 100% fast, Service

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Spel hovudrolla i kommunen sitt startlånsarbeid

 

Bli vår nye startlåns-rådgjevar

Du blir del av eit team som årleg er i kontakt med 600-700 innbyggarar. Du skal gje veiledning og råd for å koma seg inn på bustadmarknaden. Behandle søknadar om startlån etter startlånsforskrifta og finansavtalelova. Ta stilling til refinansieringssøknadar og avdragsutsettingar i eksisterande låneportefølje. Vi er ein slank administrasjon der du er den einaste som er 100% dedikert til startlån. Du vil samarbeide med erfarne og kompetente kollegaer som brukar deler av tida si til startlån.

 

Meiningsfylt arbeid i vekstkommunen i vest

Kommunen har fleksibel arbeidstid. Arbeidet kan gjerast frå både rådhuset på Straume og heimekontor.

Administrasjonen i Øygarden kommune skal vere handlekraftig og innovativ. Vi ønsker å ha med oss deg som kan hjelpe oss å nå potensialet i startlånsordninga. Du må trivast med utadretta arbeid, og sjå verdien av å samarbeide med ulike kommunale tenester og bustadsosiale aktørar.

 

Økonomi- og samfunnsinteresse

Det er mange økonomiske vurderingar på startlånsfeltet og tilstøtande område som eininga du skal jobbe i, har ansvar for. Vi ser føre oss at du med ei høgare utdanning innan økonomi saman med samfunnsinteresse og kjennskap til bustadsosiale problemstillingar er ein god kandidat. Har du anna høgare utdanningsbakgrunn kopla med interesse, kunnskap og erfaring som passar til arbeidsoppgåvene vil vi også høyre frå deg.

 

Løn og andre forhold

Arbeidsomfanget krev at du arbeider raskt og nøyaktig. Du må skrive nynorsk. Dine personlege eigenskapar blir vektlagt. Løn etter kommunale vilkår, ramma for stillinga er 495 000 – 640 000.

Les meir om startlån i Øygarden: www.oygarden.kommune.no/startlansjobb

 

Kontakt gjerne einingsleiar for service, Kenneth Sangolt, for spørsmål eller ein uformell prat om stillinga. Tlf: 414 76 319.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5193692
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.05.2023