Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
02.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6509946Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Språkassistentar til skole og SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gossen barne- og ungdomsskole søkjer 2-3 språkassistentar i skole og SFO.
Ønskelege språk: Ukrainsk, pashto og arabisk.
Arbeidsoppgåver
Følgje opp minoritetsspråklege elevar med behov for fagleg, emosjonell og sosial støtte gjennom skole- og SFO-kvardagen.
Høyre til i laget rundt eleven og samarbeide om ei heilskapleg opplæring.
Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa.
Hjelpe minoritetsspråklege elevar slik at dei opplever å bli inkludert og høyre til.
Krav til søkar
- God på relasjonar og samhandling.
- Strukturert og har ei positiv haldning.
- Har endringskompetanse.
- Er utviklingsorientert og løysingsorientert.
- God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
- Kan å bruke nynorsk som målform.
- Kan kommunisere, samarbeide og vere fleksibel.
Vi tilbyr:
På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
- Flyttegodtgjersle
- Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Kontaktperson for stillinga: Heidi Falkhytten tlf. 995 32 262
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
02.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6509946Se her for andre jobber fra Aukra kommune