• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4908523
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.01.2023
Ledig stilling

Alver kommune

Spesialsjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som spesialsjukepleiar frå snarast. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Rekrutteringstilskot kr. 50.000,- mot 2 års bindingstid.

Om Manger heimeteneste

Avdeling Manger har kontor på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Her arbeider sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling i stadig utvikling med et felles fokus på gode tenester.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar i eigne heim. Det er krav om at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Vi ønskjer no å styrke våre palliative ressursar i avdelinga og har soleis bruk for ein engasjert medarbeidar med interesse for palliativ behandling. Som spesialsjukepleiar i avdelinga vår vil du bli ein del av Alver kommune sitt nettverk, og være ein lokal ressurs i tenesta vår. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som spesialsjukepleiar/sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert i faget
  • kan prioritere i ein travel kvardag
  • trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team
  • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag

Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. I tillegg er du løysingsorientert og fleksibel. 

Vi tilbyr

Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar

  • Dyktige kollegaer med høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Humor og humør
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4908523
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.01.2023