• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    12.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088807
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Spesialpedagog - Sundre barnehage

Offentlig forvaltning

Sundre barnehage har seks avdelingar, fordelt på to hus, og er plassert i sentrum av Ål. Viktige stikkord for vår pedagogiske drift er leik, glede, styrkebasert tankesett og medverknad. Me ynskjer ein balanse mellom leik og meir styrte aktivitetar, og eit miljø der kvart barn får skinne og mangfold blir sett på som ein ressurs. I sundre barnehage har vi mange nasjonalitetar representert og derfor er språkarbeid viktig. 

Frå august 2023 har Sundre barnehage ledig 100% fast stilling som spesialpedagog, der innhald vil vera arbeid ein til ein, samt eit rettleiingsansvar for tilsette som arbeidar med oppfølging av enkeltbarn. I stillinga ligg og eit leiaransvar for eit team som arbeider med enkeltbarn. Stillinga vil dermed vera ein del av vår leiargruppe. Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbied.  

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med utdanning som spesial pedagog. Annan pedagogisk bakgrunn kan vurderast.

Arbeidsoppgåver

Spesialpedagogen skal:

  • leie arbeidet med spesialpedagogisk oppfølging i barnehagen
  • kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak og oppfølging i enkeltsaker
  • rettleie og lære opp andre tilsette i arbeid med enkeltbarn
  • delta aktivt i leiarteamet i barnehagen 
  • bidra til fagleg kompetanseheving innan fagområdet
  • ha oversikt og forståing for sytemarbeid og verktøy knytt til dette

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at speisalpedagog har:

  • arbeidsglede og engasjement
  • evne til å bygge kultur og motivere andre
  • evne til å vera strukturert og løysingsorientert
  • evne til å halde deg oppdatert på fagfelt og endringar

Me tilbyr

  • ein barnehage der tilsette har mykje erfaring og kompetanse
  • ein barnehage i fagleg utvikling
  • eit miljø der di stemme skal bli høyrt og teke omsyn til

Lønsvilkår

Lønn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. 

Intervjuar gjennomførast fortløpande og tilsetting kan skje før utløpsfristen. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    12.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088807
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.03.2023