• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    19.05.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6188193
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 05.05.2025
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Spesialpedagog

Offentlig forvaltning

Vi ynskjer ein pedagog som

  • Har kunnskap om og erfaring med arbeid rundt elevar med nevroutviklingsforstyrringar.
  • Samarbeider godt med hjelpetenestene.
  • Er god på tilrettelegging på individnivå og systemnivå.
  • Har evne til å etablere gode relasjonar med elevar.
  • Har evne til å tenke kreativt og løysningsorientert.

Jobben som spesialpedagog på ungdomsskulen vil innebere arbeid med enkeltelevar med ulike diagnosar, samt tilrettelagt undervisning for enkeltelevar og mindre grupper.

Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular; Torpo skule, Skattebøl skule, Nordbygdene skule og Nedre-Ål skule. Frå 8. trinn blir alle elevane samla ved Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap ved skulane våre.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk og gjerne andre fag.
  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 17-4 og 17-5 og forskrift til opplæringslova kapittel 12, sjå særleg §§ 12-5 og 12-6.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor. 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse.
  • Ser på praktisk undervisning som ein god metode i undervisninga.
  • Ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    19.05.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6188193
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 05.05.2025