Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Spesialpedagog 50% stilling p.t. Hemsedal barne- og ungdomsskule

Offentlig forvaltning

Hemsedal kommune har ledig 50% stilling som spesialpedagog på Hemsedal barne- og ungdomsskule frå 19.04.2022.

Det kan bli aktuelt å auke stillingsstørrelsen eller kombinere stillinga med andre stillingar ved behov/etter avtale. Stillinga inneheld arbeid med enkeltbarn og barn i grupper som treng ekstra støtte, deriblant barn med enkeltvedtak. Stillinga inneber tett samarbeid i skulen, og med andre instansar som t.d. PPT og helsestasjon. Erfaring med lesekurs, begrepskurs og bokstavgrupper er ein fordel. Det kan og bli aktuelt å rettleie andre tilsette på skulen og å delta i tverrfagleg arbeid innanfor skule og helse.

Skulane i Hemsedal:
I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 204 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 45 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 66 elevar. Vi er i gang med å bygge sentralskule på Hemsedal barne- og ungdomsskule der vi innan 2023 får samla alle frå 1.-10. klassetrinn.

Utviklingsarbeid: Skulemiljø, elevmedverknad, ny læreplan og digitale plattformer/ digital kompetanse.

Vi søkjer etter deg som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- har evne til å inspirere og vise omsorg
- vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- har engasjement for elevar med spesielle behov
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
- i samarbeid med kollegaer og leiinga vil ta del i vidareutvikling av skulen

Skulen kan tilby:
- fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
- eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
- god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
- kompetanseheving

Krav til stillinga og kompetanse:
Det er krav til pedagogisk utdanning på høgskulenivå, helst utdanning innan fagfeltet spesialpedagogikk. Anna relevant kompetanse kan og vurderast. Erfaring med arbeid med barn og unge og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er eit krav om godkjent politiattest og helseattest ved tilsetjing i denne stillinga.

Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje vert teke til fylgje vil du som søkjar verta varsla, og du kan då velje å trekke din søknad før søkjarlista vert utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk verta generert ein CV utifrå opplysningane som vert lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og vert då ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi gjer oppmerksame på at intervju vil verta gjennomført fortløpande i utlysningstida.

Vi ser fram til å mota din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune. 

Kontaktpersonar:
Ellen Wang Fredriksen, rektor, mobil 93090077, ellen.wang.fredriksen@hemsedal.kommune.no
Gunn Berit Mythe Nergård, oppvekstsjef, mobil 970 58 825, gunn.berit.nergard@hemsedal.kommune.no