Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stavanger Kommune

Spesialpedagog

På Ombo oppvekstsenter har vi til neste skuleår ledig ei fast 100 % stilling som spesialpedagog.

Oppvekstsenteret har barnehage, SFO og barneskule i same bygg. Skulen har to «fådelte» klassar, med totalt 20 elevar på 1.-7. trinn. Med 13 tilsette i skule, SFO og barnehage, er oppvekstsenteret ein mangfaldig og dynamisk arbeidsstad, kor ein legg stor vekt på barna og elevane sitt lærings- og oppvekstmiljø. 

Som spesialpedagog på Ombo oppvekstsenter vil du møte engasjerte kollegaer som er opptatt av elevane sin trivsel og læring. Du blir del av eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø, med mykje samarbeid mellom skule og barnehage, kor vaksne og barn samarbeidar på tvers av alder og trinn. 

Spesialpedagogen vil i hovudsak jobbe med éin elev med særskilte behov. Stillinga inneber arbeid i Stavanger ei veke i månaden. Det er ein fordel om du har førarkort og disponerer bil. 

Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo, den største øya i nye Stavanger kommune og midt i øyparadiset Ryfylke. Her er sjø, fjell, skog og lokalt dyreliv tett på, noko som gir fantastiske moglegheiter til spennande aktivitetar for undervisning og fritid.

Du må ta båt for å komme til Ombo, enten med hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg (Finnøy) eller med ferje frå Judaberg/Hjelmeland. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg, og tunnelforbindelsen mellom Finnøy og Stavanger vil frå 1. juli bli gratis. Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gå-avstand frå ferje- og hurtigbåtkai. Om du ønsker å bu på Ombo kan skulen og innbyggjarane vere til hjelp med å finne bustad.  

Arbeidsoppgaver:

- Planlegging og gjennomføring av spesialundervisning.
- Tilrettelegging av undervisnings- og kommunikasjonsverktøy.
- Samarbeid med kontaktlærar og assistent.
- Kommunikasjon med heim og ulike samarbeidspartnarar.  
- Reisefølge til Finnøy og Stavanger. 

Kvalifikasjoner:

- Godkjent lærarutdanning, fortrinnsvis med fordjuping i spesialpedagogikk.
- Gode norskferdigheiter, skriftleg og munnleg. 
- Arbeidserfaring med barn med særskilte behov er ein fordel. 

Personlige egenskaper:

- Du er roleg, tålmodig og fleksibel.
- Du er ein god omsorgsperson.
- Du liker å arbeide saman med ulike menneske. 
- Du kan jobbe sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
- Du har fagleg og personleg styrke og kan handtere uforutsette situasjonar.
- Du er raus og har godt humør. 

Vi tilbyr:

- Tilsette, føresette og elevar som er stolte av skulen sin.
- Kjekke kollegaer, godt arbeidsmiljø og vakker natur.
- Stillingskode og lønn i tråd med gjeldande tariffavtale.