• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3970443
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 08.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Spesialpedagog 100% fast og 1-2 100% årsvikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillingane har arbeidsoppgåver knytt til støttepedagogisk- og spesialpedagogisk hjelp og oppfølging av barn med særlege behov i barnehage, både kommunale og private,  og nokon gonger i heimen. Desse stillingane er for tida organisert under PPT i leiing og administrering. Kommunen har for tida eit pilotprosjekt der spesialpedagogen jobbar i barnehagen som ei leiarstøttefunksjon og arbeid med barn som treng det. Spesialpedagogen vil være ein del av personalet og kulturen i barnehagen. Det er 9 pilotbarnehagar. Vi har tru på at dette kan bli veldig bra. 

Arbeidsoppgåver:

  • Spesialpedagogen har ansvar for enkeltbarn, planarbeid, oppfølging av barnegrupper, samarbeid med andre instansar, samt systemretta arbeid i barnehagane
  • Spesialpedagogen skal i samarbeid med heimen og barnehagen utarbeide IUP (individuell utviklingsplan) i tråd med sakkunnig vurdering frå PPT. Spesialpedagogen har i samarbeid med barnehagane ansvar for å planlegge, gjennomføre og evaluere tiltaka i IUP herunder rettleiing av føresette og tilsette

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent barnehagelærarutdanning og minimum 1 års tilleggsutdanning (60 stp.) i spesialpedagogikk, eventuell anna relevant vidareutdanning
  • Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell vidareutdanning

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med erfaring både frå ordinært arbeid i barnehage og frå arbeid med barn med særlege behov

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer oss ein spesialpedagog som: 

  • er engasjert og inkluderande og er god til å byggje relasjonar til både barn og vaksne
  • set barnet sitt beste i fokus og er god på samarbeid/samhandling
  • er ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysningsorientert og endringsvilleg
  • er positiv og ser verdien av humor på jobben
  • har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis, deler med andre og rettleiar

Anna:

  • Spesialpedagogen skal kunne gje spesialpedagogisk hjelp til barn i fleire barnehagar, og må difor kunne disponere eigen bil i tenesta

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3970443
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 08.07.2021