Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stavanger Kommune

Spesialpedag, pedagog

Frå 01.08.2024 er det ledig fast stilling som spesialpedagog og/eller lærar på Fogn oppvekstsenter.  

Fogn er ei øy som ligg i Ryfylke i Stavanger kommune og du må reise hit med hurtigbåt eller ferje. Rutetilbodet er bra og ligg godt til rette for å kunne pendle frå byen eller frå Judaberg. Oppvekstsenteret ligg sentralt på øya med landlege omgjevnadar som ligg godt til rette aktivitetar og læring ute.

Vi søker etter ein kollega som er varm og tydeleg, liker å jobbe med barn og som gjerne har erfaring frå opplæringa i 1.-4.klasse. Du trivest med å samarbeide i team.

Oppvekstsenteret gir skuletilbod til elevar i 1.-7. klasse. Vi har eige SFO-tilbod, samt barnehagetilbod til barn frå 1-5 år. Til hausten har vi 29 elevar i skulen. Opplæringstilbodet til elevane er organisert i fådelte klassar, noko som betyr at vi gir opplæring til elevar frå fleire trinn i same klasse. Vi bruker nynorsk som hovudmål. D

Er du ein engasjert pedagog som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den vi leitar etter!
Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon om stillinga.

Kvalifikasjoner:

Godkjent undervisningskompetanse for 1.-4. trinn, med vekt på grunnleggjande lese-, skrive-og rekneopplæring. Søkjarar med spesialpedagogisk utdanning vil bli prioritert. Erfaring frå opplæring for barn med særskilte behov og klasseleiing, er ein fordel. Det er også ønskjeleg med kompetanse i ASK, NMT (Norsk med Tegnstøtte), samt kjennskap til Karlstadmodellen.

Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt kunne nytte relevant dataverktøy.

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.


Godkjendt politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar, må liggje føre ved tilsetting og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga, jf. gjeldande regelverk. 
 

Personlige egenskaper:

Du er innstilt på å samarbeide med andre i team og har evne til å jobbe målretta med opplæring.

Du er fleksibel og har godt humør.

Du er god til å byggje relasjonar og trivest saman med elevar, føresette og kollegaer.

Du er god på klasseleiing og har fokus på både læring og trivsel.

Du er ansvarleg, engasjert, kreativ og løysingsorientert.

Vi tilbyr:

Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø med positive kollegaer.

Lønn i samsvar med hovudtariffavtalen til KS.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).