Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Viken fylkeskommune Ål videregående

SPESIALKONSULENT

Offentlige tjenester og forvaltning

Er du vår nye og engasjerte spesialkonsulent/konsulent innan skoleadministrasjon?


Ål vidaregåande skole har frå 12.04.2021 ledig 100 % fast stilling i administrasjonen for spesialkonsulent/konsulent.

Ål vidaregåande skole har høge ambisjonar på vegne av elevar og tilsette. Vi skal bidra til at elevane våre blir rusta til eit godt liv for seg sjølv, og gode bidragsytarar i samfunnet. Skulen har utdanningsprogramma BA, TIP, SSR, EL og HO, samt påbygg til studiespesialisering og vaksenopplæring. Til saman er det ca 240 elevar og 55 tilsette.

Vi ønsker oss ein nøyaktig og serviceinnstilt kollega som trivst med å jobbe sjølvstendig , men som også er ein lagspelar og god på relasjonsbygging.

Avdelinga består av administrasjonsleiar og to konsulentar. Vi har oppgåver innan sentralbord, resepsjon og post/arkiv. Kontoret har også ansvar for skoleadministrative oppgåver innanfor eksamensgjennomføring og elevdokumentasjon, samt økonomi, lønn og HR. Skolen bruker Visma ERP, Elements sak/arkiv og Visma in School (VIS) skoleadministrativt fagsystem. Vår prioriterte kommunikasjonskanal er Teams.

Arbeidsoppgaver
  • Elevadministrasjon med inntak og fagtildeling
  • Planlegging og gjennomføring av eksamen
  • Utarbeiding av elevdokumentasjon
  • Saksbehandling
  • Post/sak/arkiv
  • Innkjøp, fakturering, fakturabehandling mm
  • Andre oppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde og eigne interesser
Kvalifikasjoner
  • relevant høgskoleutdanning på min. bachelornivå. Dersom søkar ikkje fyller kompetansekrav til spesialkonsulent (bachelor), vil stillinga bli gjort om til konsulent.
  • relevant erfaring, gjerne frå vidaregåande skole
  • gode it-kunnskapar og godt humør
Personlige egenskaper
  • For å lykkast i stillinga må du være fleksibel og løysingsorientert, og kunne handtere periodar med stort arbeidstrykk
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
  • Ein spennande skolekvardag i ein VI-skole - med dyktige kollegar og eit humørfylt og godt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagmiljø og mulighet for fagleg utvikling
  • Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk

Søknadsfrist 10. desember 2020


For meir informasjon om skolen: www.al.vgs.no