Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sjøfartsdirektoratet - Hovedkontor

Spennande stilling som branningeniør!

Direktorater og tilsynsorgan

Avdeling for fartøy og sjøfolk fører tilsyn med at norske skip og reiarlag held høg standard når det gjeld tryggleik og miljø. Gjennom kontinuerleg utvikling av reglar, informasjon og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn, vert det arbeidd for å betre tryggleiken på sjøen.

Avdeling for fartøy og sjøfolk kontrollerer dokumentasjon som vert sendt inn ved bygging, ombygging, innflagging og drift av skip. I den samanheng har avdelingane mykje kontakt med konsulentar, verft og reiarlag. Arbeidet er variert og rettar seg mot både tradisjonelle design og prosjekt med ny teknologi. Avdelingane driv utstrekt haldningsskapande arbeid og er aktive i internasjonalt arbeid, spesielt i IMO.

Fartøyavdelingane har eit overordna ansvar for å føre tilsyn med dei ulike typane fartøy. Inspeksjonar vert utførte av direktoratets lokale kontor og til dels av anerkjende klasseselskap eller godkjende føretak.

Utlysinga omfattar ei fast stilling hovudsakleg knytt til fagområdet brann. Tiltreding snarast.

Kvalifikasjoner:

  • ingeniør/sivilingeniør innan fagområdet brann- og eksplosjonsvern
  • erfaring med prosjektering, utvikling eller bruk av ny teknologi for framdrift er ønskeleg
  • erfaring frå offentleg sektor / klasseselskap er ønskeleg

Tilsetjing skjer under føresetnad av at søkar blir tryggleiksklarert og autorisert. Les meir om tryggleiksklarering på nettsidene til Nasjonal tryggingsorgan.

Personlige egenskaper:

Du må kunne identifisere deg med Sjøfartsdirektoratets verdiar: tillit, initiativ og lagspel.

Vidare er det viktig at du

  • har evne til å setje deg inn i nye tekniske og operasjonelle utfordringar
  • er kundeorientert, løysings- og resultatorientert, sjølvstendig og ansvarsmedviten, systematisk og nøyaktig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode analytiske evner og gode framstillingsevner på norsk og engelsk

Vi vil legge vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr:

Sjøfartsdirektoratet tilbyr eit godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver. Du får samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit breitt fagmiljø som gir gode moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling.

  • Vi har ein familievenleg personalpolitikk med fleksible ordningar for arbeidstid og -stad
  • Vi satsar på medarbeidarane våre og legg til rette for kompetanseheving gjennom etter- og vidareutdanning
  • Vi har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
  • Vi har ferieleilegheit i Spania
  • Vi har gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse 

Stillinga blir lønt etter kvalifikasjonar i stillingskode 'overingeniør 1087' eller 'senioringeniør 1181' med brutto årslønn på høvesvis kr. 515 000 - 620 000 og 554 000 - 750 000. I tillegg får du kompensasjon for reisetid og betalt overtid.

Sjøfartsdirektoratet praktiserer eit inkluderande arbeidsliv, og vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar derfor søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. For å bli vurdert som søkar i ei av desse gruppene må søkarn oppfylle visse krav. Du finn meir informasjon om positiv særbehandling her

Bli betre kjent med oss på sdir.no!