Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
22.11.2023Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5015, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
5440897Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
- Updated 08.11.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Utlendingsdirektoratet
Spennande moglegheit i samfunnsaktuell rolle!
Offentlig forvaltning
Som seniorrådgjevar innanfor mottaksoppfølging og kontraktsforvaltning i UDI, får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode bu- og omsorgsløysingar for flyktningar med tilretteleggingsbehov. Dette kan vere flyktningar med psykiske og fysiske utfordringar, åtferdsproblematikk eller som av andre grunnar treng eit tilrettelagt butilbod. Du kjem til å trivast med desse oppgåvene fordi du set brukaren i fokus, er oppteken av ei profesjonell forvaltning, er god til rettleiing og rådgjeving og dessutan til å sjå løysingar. Saman med dei tilsette i asylmottaka og andre sektormyndigheiter finn du og teamet gode løysingar for bebuarane, samtidig som UDI leverer ei forsvarleg økonomiforvaltning.
Du blir òg ein viktig medarbeidar frå regionkontoret i teamet som jobbar med nasjonale oppgåver knytte til kontroll av mottaksdrift og kontraktsforvaltning. Gjennom dei svært gode samarbeidseigenskapane dine, evna di til å sjå samanhengar og den gode forståinga di av avtalar og regelverk er du med på å vidareutvikle, standardisere og systematisere kontrollarbeidet av mottaksdrifta. Du vil få eit særleg ansvar med å koordinere avtaleforvaltninga av mottak for flyktningar med tilretteleggingsbehov.
I tillegg til teamkollegaene dine i dei nasjonale teama vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø ved regionkontoret vårt i Bergen. Vi er 18 engasjerte personar med variert kompetanse, alder og kjønnssamansetjing. Vi opptekne av å møte brukarane våre med respekt og profesjonalitet. Så er du vår nye kollega?
Kvalifikasjoner:
- Du er ein lagspelar som har svært gode samarbeidsevner og er dyktig til relasjonsbygging.
- Du er analytisk, noko som gjer at du set deg raskt inn i problemstillingar og identifiserer samanhengar.
- Du er strukturert og har interesse for kontrakts- og avtaleforvaltning.
- Du har stor arbeidskapasitet og evnar å koordinere og leie prosessar og mindre prosjekt samtidig som du må handtere fleire arbeidsoppgåver parallelt.
- Du er god til å formidle fag og komplekse problemstillingar på ein lettfatteleg måte.
Til denne stillinga må du ha
- mastergrad, gjerne innanfor jus, økonomi, samfunnsvitskapleg eller helsefagleg retning. Utdanning på bachelornivå med særleg relevant arbeidserfaringkan kompensere for manglande mastergrad.
- erfaring med kontraktsoppfølging, leverandøroppfølging eller anskaffingar
- erfaring med å leie og koordinere prosessar og mindre prosjekt
- erfaring innanfor helse eller omsorgstiltak eller andre slike løysingar er ein fordel
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr:
Du får spennande og utviklande arbeidsoppgåver i ei dynamisk verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Store hendingar i verda påverkar jobben vår direkte, og vi er vane med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass og ikkje minst dei beste kollegaene i landet (meiner vi).
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, å tilpasse møbel eller endre på rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hòl i CV‑en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Praktisk informasjon
Stillinga er lønt som seniorrådgjevar (1364) i lønnsspennet 630 000–730 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Eit lønnstrekk på to prosent gjev deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Vi ønskjer ikkje at du skriv og lastar opp eit søknadsbrev, men ber deg heller levere ein utfyllande CV der du beskriv kva du har gjort og oppnådd i dei tidlegare rollene dine som er relevant for denne stillinga. I tillegg til CV ønskjer vi at du svarer kort på eit par relevante spørsmål. Søknadsbrev som blir lasta opp, blir ikkje vurderte.
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut CV-en og søknadsfeltet til WebCruiter sjølv om du vel å leggje ved søknad og CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
I tråd med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort på den offentlege søkjarlista når du søkjer stilling hos oss. Du kan be om å sleppe å stå på denne lista. Du må da leggje ved ei grunngjeving, og så vurderer vi om vi kan innvilge ønsket ditt. Dersom vi ikkje kan det, tek vi kontakt med deg.
Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
22.11.2023Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5015, BERGEN
BERGEN
Number of positions
1Career-kode
5440897Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
- Updated 08.11.2023