Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Trainee + Forretningsutvikling = perfekt start på karrieren?

Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: Forretningsutvikling

Bank

Vil du vere med på laget for å sikre utvikling og etterleving i SpareBank 1 Sogn og Fjordane? Som trainee forretningsutvikling vil du inngå i avdelinga gevinst- og leverandøroppfølging. Avdelinga har ansvaret for banken si prosjektportefølje og gevinstrealisering og etterleving innan leverandørstyring, personvern og IKT-avtalar, og du vil få moglegheit til å jobbe innan alle desse områda. Typiske oppgåver kan vere prosjektleiing eller deltaking, implementering av nye produkt eller tenester i banken, leverandøroppfølging og sikring av krav innan personvern og IKT.

Avdelinga krev mykje tverrfagleg samarbeid, og som trainee vil du få eit godt innblikk i banken og bankdrift på tvers av avdelingar og fagområde.

 

Kven er du? Vi ser etter deg med bachelor eller master innan økonomi, prosjektleiing, teknologi, jus eller liknande kompetanse. Du trivast i eit miljø med høgt tempo og er flink til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag. Du evner å jobbe strukturert og effektivt for å få arbeidet i mål. Du er kreativ og nysgjerrig, og interessert i å sette deg inn i nye tema og ulike problemstillingar. Du er god på relasjonsbygging og teamarbeid, men evner også å arbeide sjølvstendig.

Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank.

Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Vi håpar du tar sjansen på oss!

Arbeidsstad: Førde. For meir informasjon om stillinga kontakt leiar gevinst- og leverandøroppfølging, Andrea Kvamsdal, tlf 97639148.

Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Krav til norskkunnskap: B1

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.