Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5340429Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 28.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Spanande stilling som leiar ved Stamnes oppveksttun
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vera med oss og vidareutvikle oppveksttunet på Stamnes?
Barnehageborna, elevane, dei tilsette og føresette fortener ein dyktige og engasjert leiar.
Viss du er ein av dei, så ynskjer me deg som søkjar til 100% fast stilling som leiar ved Stamnes oppveksttun. Stamnes oppveksttun har 3 barnehageborn og 19 elevar, der om lag 11 elevar nytter Sfo. Barnehage og sfo er felles drifta.
Oppvekssttunet er ein naturleg samlingsplass i bygda. Det er viktig at leiaren for oppveksttunet tek utgangspunkt i dei langsiktige måla knytt til både læreplanverk, rammeplan for sfo og rammeplan for barnehage, slik at barnehage, sfo og skule utgjer ein heilskap på tvers for borna på oppveksttunet.
Det er eit tett og godt samarbeid mellom skulane, oppveksttuna, barnehagane og sfoane i kommunen, og me søkjer etter ein leiar som vil utvikle Stamnes oppveksttun som ein lærande og inkluderande organisasjon med fokus på samarbeid internt, med andre leiarar og med fagtenesta. Det er jamlege møter mellom kommunalsjef, einingsleiararar og skule- og barnehageleiarane.
Arbeidsstad
Stamnes oppveksttun
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse på høgskule-/universitetsnivå
Vi søkjer etter ein stabil, positiv, samlande og kreativ leiar, som er dyktig personalleiar og har
- Evne til å inspirera andre og bidra til arbeidsglede
- Evne til samarbeid og skape gode relasjonar
- Kompetanse på endringsleiing og kulturbygging
- Engasjement for å sikra godt læringsmiljø og kultur for læring
- Heilskapstenking rundt oppvekstmiljøet
- Følgja opp rutinar, lovverk og kommunale satsingar
- Ha ei strukturert arbeidsform og god økonomistyring
Leiarerfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Nynorsk er målforma i kommunen. Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Stillinga inneheld både rektor- og styrarmynde, samt undervisning.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stilling
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggarservice på tlf 56594400
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5340429Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 28.09.2023