Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Spanande stilling som leiar ved Stamnes oppveksttun

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med oss og vidareutvikle oppveksttunet på Stamnes?
Barnehageborna, elevane, dei tilsette og føresette fortener ein dyktige og engasjert leiar.

Viss du er ein av dei, så ynskjer me deg som søkjar til 100% fast stilling som leiar ved Stamnes oppveksttun. Stamnes oppveksttun har frå hausten om lag 7 barnehageborn og om lag 20 elevar, der om lag 8 elevar nytter Sfo.. Barnehage og sfo drifta er felles.
Oppvekssttunet er ein naturleg samlingsplass i bygda. Det er viktig at leiaren for oppveksttunet tek utgangspunkt i dei langsiktige måla knytt til både læreplanverk, rammeplan for sfo og rammeplan for barnehage, slik at barnehage, sfo og skule utgjer ei heilskap på tvers for borna på oppveksttunet.

Det er eit tett og godt samarbeid mellom skulane, oppveksttuna, barnehagane og sfoane i kommunen, og me søkjer etter ein leiar som vil utvikle Stamnes oppveksttun som ein lærande og inkluderande organisasjon med fokus på samarbeid internt, med andre leiarar og med fagtenesta. Det er jamlege møter mellom kommunalsjef, einingsleiararar og skule- og barnehageleiarane.

Arbeidsstad

Stamnes Oppveksttun

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse på høgskule-/universitetsnivå 

Vi søkjer etter ein stabil, positiv, samlande og kreativ leiar, som er dyktig personalleiar og har 

  • Evne til å inspirera andre og bidra til arbeidsglede
  • Evne til samarbeid og skape gode relasjonar
  • Kompetanse på endringsleiing og kulturbygging
  • Engasjement for å sikra godt læringsmiljø og kultur for læring
  • Heilskapstenking rundt oppvekstmiljøet
  • Følgja opp rutinar, lovverk og kommunale satsingar
  • Ha ei strukturert arbeidsform og god økonomistyring

Leiarerfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt. 
Nynorsk er målforma i kommunen. Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Stillinga inneheld både rektor- og styrarmynde, samt undervisning.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
  • Spanande og utfordrande stilling
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04