Lingalaks AS

Lingalaks AS søkjer sommarvikarar til våre lokalitetar i Hardanger

Sommarvikarar

Fiskeoppdrett

Opplæring blir gitt, men erfaring med båt og sjø er ein stor fordel.

TYPISKE ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Dagleg røkting av fisk
  • Ettersyn av anlegg
  • Registreringar i datasystem
     

FØRETREKTE KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Har fylt 18 år 
  • Fordel med kran-/ truckførarbevis
  • Førarkort 
  • Båtførarbevis 
  • Grunnleggjande båtferdigheiter 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Punktlegheit
  • Interesse for akvakulturfaget 
  • Beherska norsk flytande, både muntleg og skriftleg

LINGALAKS TILBYR:

  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Verdifull erfaring frå havbruksnæringa

Spørsmål om stillinga kan rettast mot:
- Produksjonskoordinator Tore Haukaas, tore.haukaas@lingalaks.no, tlf. 952 17 578
- Ev. produksjonsleiar Morten Laupsa-Borge, morten@lingalaks.no, tlf. 482 68 191

Kortfatta søknad med CV kan sendast til: karriere@lingalaks.no.
Søknader vert vurderte fortløpande.

SØKNADSFRIST: SNARAST


DEN FØRETREKTE SJØMATPRODUSENTEN!

Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger og Nordhordland, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 15 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn.

Ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon; å vera den føretrekte sjømatprodusenten. Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.