Lingalaks AS
Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger og Nordhordland, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 15 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leia oss mot vår visjon; å vera den føretrekte sjømatprodusenten.
Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.
Bli med i vår Kandidatbank
Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.