Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sommarvikarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søker etter engasjerte medarbeidarar til sommaren 2023.

Kjøkkentenesta i Sunnfjord kommune treng ferievikarar, både kokkar, matvertar og kjøkkenassistentar.

Vi har 4 kjøkken som er plasserte på Skei, Sande, Naustdal og Førde.

Vi søker deg som:
  • kan utføre god mathygiene og har kunnskap om området
  • er glad i å lage mat
  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • likar å jobbe med menneske
  • kan kommunisere godt på norsk

Stillingane er i turnus med jobb kvar 2. helg. 

Du skriv i søknaden kvar du ønsker å jobbe. Det kan være mogleg å jobbe ved flere kjøkken.

Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!