Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
21.05.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4268483Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 22.04.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Sommarvikarar 2022
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Våre flinke og engasjert medarbeidarar treng å vite at jobben deira blir godt ivaretatt i sommar. Vi treng difor vikarar som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavvikling sommaren 2022. Ein sommarjobb hos oss kan gjere vegen til fast jobb kortare.
Bu- og miljøtenestene yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming eller psykiske vanskar som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi søker etter deg som har eit stort engasjement, og som er ein pådrivar til å yte god kvalitet i tenestene våre i følgande einingar:- Bu- og avlastingstenesta
- Butiltak psykisk helse
- Sande bu- og miljøteneste
- Skei bu- og miljøteneste
- Naustdal bu- og miljøteneste
- Førde bu- og miljøteneste (eining 1, eining 2 og eining 3)
Eininga Butiltak psykisk helse yt tenester til personar med psykiske vanskar som treng hjelp over tid. Eininga har to avdelingar, i Førde og på Vassenden.
Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Dette inneber å hjelpe brukarane i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga.
Bu- og miljøtenester yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming. Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som hygiene, ernæring ,husarbeid, fritidsaktivitet og arbeid. I kommunen har vi 6 avdelingar, Sande, Naustdal, Skei og 4 i Førde.
Bu- og avlastingstenesta har ansvar for barn og unge frå 2 til 19. Jobben vår er først og fremst å skape ein trygg kvardag, som er ei forlenging av foreldreheimen. Vi sørger også for at barna får delta på ulike aktiviteter.
Vi kan tilby:- 80 - 100 % vikariat
- opplæring med løn
- aktivt miljø og spennande arbeidsoppgåver
- bonusordning
- eigen lønsstige for sjuke- og vernepleiestudentar
- fleksibel
- god til å samarbeide
- god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
Enkelte einingar krev at du har førarkort klasse B.
Vi treng vikarar frå og med veke 25 til og med veke 32. Søkarar som kan jobbe i heile ferieperioden kan bli prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.
Kontaktpersonar:Førde bu- og miljøteneste, eining 1: Gro Janne Lærum, tlf. 470 20 266, e-post gro.janne.laerum@sunnfjord.kommune.no
Førde bu- og miljøteneste, eining 2: Erik Øksenberg Wold, tlf. 948 09 065, e-post erik.oksenberg.wold@sunnfjord.kommune.no
Førde bu- og miljøteneste, eining 3: Siri-Merethe Solheim, tlf. 986 85 240, e-post siri-merethe.solheim@sunnfjord.kommune.no
Bu- og avlastingstenesta: Harald Bjarte Reite, tlf. 901 50 161, e-post harald.bjarte.reite@sunnfjord.kommune.no
Butiltak psykisk helse: Tore Eide, tlf. 479 06 003, e-post tore.eide@sunnfjord.kommune.no
Sande bu- og miljøteneste: Håvard Berglund, tlf. 970 54 128, e-post havard.besse.berglund@sunnfjord.kommune.no
Skei bu- og miljøteneste: Mariann Heggheim, tlf. 986 60 695, e-post mariann.heggheim@sunnfjord.kommune.no
Naustdal bu- og miljøteneste: Anita Sunnarvik, tlf. 950 25 920, e-post anita.sunnarvik@sunnfjord.kommune.no
Politiattest vert krevd før start i stilling.
Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!Velkomen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
21.05.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4268483Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 22.04.2022