Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sommarvikarar 2021

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sommarvikarar 2021

Aktivitetseininga har aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi har også ansvar for Senter for friskliv og frivilligheit. Vi er i alt 45 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen. I Aktivitetseininga har vi ledig sommarjobb som er knytt til dagsenter for eldre, og dagsenter for personar med demenssjukdom. Vi har behov for vikarar i ulik stillingsprosent både i Førde, på Sande, Skei og Vassenden.

Vi søker etter deg som er kreativ og glad i menneske.

 

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å tilby dei eldre gode møter i eit sosialt fellesskap, der trivsel er det aller viktigaste. I tillegg ønsker vi å arbeide for å vedlikehalde funksjonar og det friske i folk. Tilbodet kan også vere ei avlasting for pårørande.

Dei som kjem til dagtilboda skal møtast av eit personale som ønsker å sjå og ivareta den einskilde.

Vi kan tilby:
  • 30-100% vikariat
  • opplæring med løn
  • positivt miljø og spanande arbeidsoppgåver
  • løn etter kommunal tariff
Vi ser etter deg som:
  • er fleksibel
  • er god til å samarbeide
  • har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Politiattest vert krevd før start i stillinga. Du må søke elektronisk.

Vi treng vikarar i vekene; 27, 28, 31 og 32. Vi har stengt i veke 29 og 30. Søkarar som kan jobbe i heile ferieperioden kan bli prioritert. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.

 

Velkomen som søkar! Vi ser fram til å høyre frå deg.