Detaljer


Sommarvikarar 2021

Sunnfjord heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp og velferdsteknologi. Vi er totalt 6 einingar som dekker ulike distrikt i kommunen. Vi har ansvar for tenestemottakarar i private heimar og i omsorgsbustadar. Arbeidsoppgåvene i heimesjukepleien er mellom anna stell og pleie, oppfølging av medisinar, kreftomsorg og lindrande behandling, demensomsorg og kvardagsrehabilitering. I tillegg yter vi heimehjelpsoppgåver i form av reinhald og handling av matvarer. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar i tenesta vår. Heimetenesta ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet er å finne dyktige ferievikarar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?

Vi søker sommarvikarar til einingane:
  • Førde heimeteneste (2 einingar)
  • Naustdal heimeteneste
  • Sande heimeteneste
  • Vassenden heimeteneste
  • Skei heimeteneste
Vi kan tilby:
  • 80 - 100 % vikariat
  • opplæring med løn
  • aktivt miljø og spennande oppgåver
  • bonusordning
  • eigen lønsstige for sjukepleiestudentar
Du er:
  • fleksibel
  • god til å samarbeide
  • god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg

For enkelte einingar må du har førarkort klasse B. 

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!

 

Kontaktpersonar

Førde heimeteneste, eining 1: Camilla Margrethe Sørensen, tlf. 400 38 495, e-post camilla.margrethe.op.sorensen@sunnfjord.kommune.no

Førde heimeteneste, eining 2: Camilla Elvebakk Stein, tlf. 915 47 838, e-post camilla.lovise.elvebakk.stein@sunnfjord.kommune.no

Naustdal heimeteneste: Mona Kidøy Svalheim, tlf. 905 37 710, e-post mona.kidoy.svalheim@sunnfjord.kommune.no

Sande heimeteneste: Therese Brakestad, tlf. 970 54 100, e-post: therese.brakestad@sunnfjord.kommune.no

Vasseinden heimeteneste: Irene Svarstad, tlf. 911 30 455, e-post irene.olaug.svarstad@sunnfjord.kommune.no

Skei heimeteneste: Heidi Husetuft Flatjord, tlf. 901 89 460, heidi.husetuft.flatjord@sunnfjord.kommune.no