Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sommarvikarar 2021

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi søker etter deg som har eit stort engasjement, og som er ein pådrivar til å yte god kvalitet i tenestene våre i følgande einingar:
  • Bu- og avlastingstenesta
  • Butiltak psykisk helse
  • Sande bu- og miljøteneste
  • Skei bu- og miljøteneste
  • Naustdal bu- og miljøteneste
  • Førde bu- og miljøteneste (eining 1, eining 2 og eining 3)
Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere i turnus med arbeid 2. kvar helg, og er knytt til praktisk bistand og opplæring til brukarane. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske og fysiske helse, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar,

Vi kan tilby:
  • 80 - 100 % vikariat
  • opplæring med løn
  • aktivt miljø og spennande arbeidsoppgåver
  • bonusordning
  • eigen lønsstige for sjuke- og vernepleiestudentar
Vi ser etter deg som er:
  • fleksibel
  • god til å samarbeide
  • god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg

Enkelte einingar krev at du har førarkort klasse B.

Vi treng vikarar frå og med veke 25 til og med veke 32. Søkarar som kan jobbe i heile ferieperioden kan bli prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden. 

Kontaktpersonar:

Førde bu- og miljøteneste, eining 1: Gro Janne Lærum, tlf. 470 20 266, e-post gro.janne.laerum@sunnfjord.kommune.no 

Førde bu- og miljøteneste, eining 2: Erik Øksenberg Wold, tlf. 948 09 065, e-post erik.oksenberg.wold@sunnfjord.kommune.no

Førde bu- og miljøteneste, eining 3: Siri-Merethe Solheim, tlf. 986 85 240, e-post siri-merethe.solheim@sunnfjord.kommune.no

Bu- og avlastingstenesta: Harald Bjarte Reite, tlf. 901 50 161, e-post harald.bjarte.reite@sunnfjord.kommune.no

Butiltak psykisk helse: Tore Eide, tlf. 479 06 003, e-post tore.eide@sunnfjord.kommune.no

Sande bu- og miljøteneste: Håvard Berglund, tlf. 970 54 128, e-post havard.besse.berglund@sunnfjord.kommune.no

Skei bu- og miljøteneste: Mariann Heggheim, tlf. 986 60 695, e-post mariann.heggheim@sunnfjord.kommune.no

Naustdal bu- og miljøteneste: Anita Sunnarvik, tlf. 950 25 920, e-post anita.sunnarvik@sunnfjord.kommune.no

 

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Velkomen som søkar!